Facebook ikon Twitter logo Print side

Samarbeidsprosjekt med Høgskulen om internasjonale matrettar

I mars 2019, fekk vi i «Prosjekt IKS-kantine-intro/internasjonal kantine Fjell rådhus», ein invitasjon frå Høgskulen på Vestlandet om å delta i ein samarbeidsdag mellom tilsette og praktikantar i prosjektet vårt og studentane på Høgskulen.

Samarbeidsprosjekt med Høgskulen om internasjonale matrettar

Som tilsett prosjektleiar i prosjekt IKS kantine-intro, har eg ansvar for oppfølging av fem deltakarar frå introprogrammet for flyktningar medan dei er praktikantar i prosjektet vårt.

Vi avtalte med høgskulen å koma til dei for ein felles samarbeidsdag 10.04.2019. Vi var fem praktikantar, leiar i IKS (Internasjonal kvinneforening på Sotra), Shahnaz Fadaie og meg, som reiste samla til Høgskulen. Der møtte vi 20 studentar.

Vi opna med å presentera prosjektet vårt for dei 20 studentane. Etterpå delte vi oss i fem grupper, der studentane fekk laga internasjonale matrettar saman med praktikantane våre. Eg hadde laga meny som vart utdelt, og alle fekk kunnskap om ingrediensane og framgangsmåten.

God innsats

Matrettane var shish taoukh, zigni med injers, kabsa, taziki, homus og salat. Det var stort engasjement og god innsats både frå studentane og praktikantane.

God innsats både frå studentane og praktikantane

Til slutt vil eg takka både studentane ved Høgskulen på Vestlandet/seksjon Mat og Helse og praktikantene frå Prosjekt IKS-kantine-intro for flott innsats. Eg rettar ei spesiell takk til Høgskulelektor/seksjon mat og helse Karin Sølvberg, som inviterte oss til denne flotte opplevelsen.

Også leiar i IKS , Shahnaz Fadaie, som midt i ein travel kvardag stilte opp og deltok i samarbeidsprosjektet, og slik viste oss si støtte, må takkast. Takk til Fjell kommune, som også støtta at vi gjennomførte dette samarbeidsprosjektet.

Samarbeidsprosjektet gav oss masse god erfaring.

Tekst og foto: Maryam Veisi, prosjektleder avd. for flyktninger og tjenesteutvikling

Fotogalleri


Sist endret: 23.05.2019