Facebook ikon Twitter logo Print side

Samla inn kr. 54 400,- til barnekreftforeininga

Tidlegare i vår arrangerte Knappskog skule eit skulemosjonsløp i samarbeid med Team Rynkeby med mål om å samla inn pengar til kreftforsking.

Elevane sprang til saman 1 546 rundar og vart sponsa av foreldra med beløp for kvar runde dei sprang. I tillegg støtta Sartor Holding elevane med sju kroner pr. runde, noko som gav ei ekstra støtte på over 10 tusen kroner til barnekreftforeininga. Hans Jarle Einarsen frå Sartor stilte opp for å springa saman med elevane i sitt arbeid gjennom krafttak mot kreft.

Takk til flinke elevar som gjorde ein fantastisk innsats og sprang for livet!
Takk til positive foreldre som sponsa elevane i samband med løpet.
Takk til Hans Jarle Einarsen som motiverte skulen og elevane i forkant og under løpet.
Takk til Sartor Holding som gav pengar til ei god sak.

Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor

Fleire bilete


Sist endret: 14.06.2019