Facebook ikon Twitter logo Print side

Samla inn pengar til Somalia

Elevane på Tranevågen ungdomsskule fekk i dag ein uvanleg variert meny då det var klart for lunsj klokka 11. I tillegg til den vanlege menyen, selde elevar frå Syria og Somalia internasjonale spennande matrettar til elevane. Inntektene går til hjelpearbeid retta mot svoltkatastrofen i Somalia.

Ivrige elevar sel matrettar frå Somalia og Syria. Frå venstre; Abeer Maskan, Sidra Basel, Rajena Alshaib, Said Abdirizak og Mohamus Elmi.
Ivrige elevar sel matrettar frå Somalia og Syria. Frå venstre; Abeer Maskan, Sidra Basel, Rajena Alshaib, Said Abdirizak og Mohamus Elmi.

Ein av elevane, Mohamud Elmi i 8. klasse, er fødd i Noreg og bur saman med familien sin på Ågotnes. Han har somaliske foreldre og vil gjerne delta i innsamlingsaksjonen.

- Det er kjekt å bu i Noreg, og det er greie elevar og lærarar her på Tranevågen. I fritida spelar et fotball for Nordre Fjell Fotball (G14) og trenar to gonger i veka. Eg er glad for at eg har mange vener her på Ågotnes, seier Mohamud.

Morsmållærar Abdullahi Ishak kjem frå Somalia og underviser i morsmål (somali) på Knappskog, Skålevik og Liljevatnet skular i tillegg til Fjell ungdomsskule.

- Eg har alltid likt å arbeida med barn. Det har vore kraftig tørke og krise i Somalia frå hausten 2016. Eg kontakta koordinator for innføringsklassen på Tranevågen, Renate Lie, for å høyra om vi kan gjera noko for dei som lir i Soamila no. Ho svarte at dette skal vi få til, seier Ishak.

Krise i fleire land
På grunn av lite regn sidan desember, har halvparten av befolkninga usikker tilgang på mat. Tørken har spreidd seg til å ramma nesten heile landet. Det er dermed om lag fem milllionar menneske som har behov for mat. Også Jemen, Kenya, Sør-Sudan og Nigeria er ramma av den kraftige tørken. Då er det snakk om at 20 millionar menneske er nær svoltkatastrofe.

Frå tysdag til torsdag denne veka har det vore sal av kaker og vaflar på ungdomsskulen, og i dag var det altså sal av matrettar frå Somalia og Syria. Sambusa er svært populært i Somalia og er samansett av lefse, kjøt, fisk, løk og krydder. Den syriske Kibba er kjøt (lam eller okse), løk og ris.

Tranevågen ungdomsskule samarbeider med WayForvard.

- Då er vi trygg på at pengane kjem fram. Målet er vi kan senda 10 tusen kroner til hjelpearbeidet mot svoltkatastrofen, seier Abdullahi Ishak.

Her er fleire bilete frå innsamlingsaksjonen:

Abdullahi Ishak og Said Abdirizak

 




Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 07.04.2017 13:54
Sist endret: 07.04.2017 14:19