Facebook ikon Twitter logo Print side

Sangsprell, vegen inn til språket

Dei siste åra har Leirstaden barnehage hatt språk som satsingsområde. Med fornya kunnskap om kor viktig musikk og song er for utviklinga av språket, blei nettopp song og musikk fokuset då barnehagen tok til med arbeidet i 2019.

Frå arrangementet

Kvar fredag i denne perioden har born og vaksne møttest for å spreia songglede i lag. Det heile blei avslutta med ein konsert for foreldre på sommaravslutninga i barnehagen. Denne dagen blei foreldre møtt av born som ønskte velkomen i porten. Deretter gjekk ferda vidare gjennom blomstarstien inn til storstova i barnehagen.

Med barnesong ljomande ut gjennom dørar og vindauge, blei det magisk stemning.
No gler barnehagen seg til hausten, som syngande barnehage.


Monika Sørlie Kroghsæter
styrar

Her er fleire bilete frå dagen:


Sist endret: 07.06.2019