Facebook ikon Twitter logo Print side

Sankthansbål og brenning av bål

Det nærmar seg sankthans, og fleire planlegg å brenna bål denne dagen. Øygarden brann og redning (ØBR) har gode råd til deg.

Ill.

ØBR opplyser at det er lov å tenna opp sankthansbål så lenge ein held god avstand til bygningar, skog, utmark og anna brennbart materiale.

Det er ikkje nødvendig å søkja brannvernet om løyve til å brenna bål på sankthans i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Brenning av bål skjer på eige ansvar.

ØBR ber om at barn vert haldne i god avstand til bålet. Bruk klede av bomull eller ull ettersom kunststoff lett tek fyr. Det er viktig å sløkkja bålet med mykje vatn før ein går frå det.

Her kan du lesa meir om trygg bålbrenning.

Les meir på heimesida til ØBR.


Publisert: 20.06.2018 15:20
Sist endret: 20.06.2018 15:22