Facebook ikon Twitter logo Print side

Seks av ti innvandrarar i Fjell går til arbeid eller utdanning

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) presenterer no resultatet av introduksjonsprogrammet for nye innvandrarar for 2017.

Illustrasjonsfoto. Frå møtet i integreringsrådet i Fjell.
Illustrasjonsfoto. Frå møte i integreringsrådet i Fjell.

På landsbasis går nesten fem av ti deltakarar direkte til arbeid eller utdanning etter fullført introduksjonsprogram. IMDI skriv i ei pressemelding at i Hordaland er det Bømlo, Fjell og Meland som er dei tre kommunane (med minst 15 deltakarar) som har fått størst del deltakarar ut i arbeid og utdanning i 2017.

Generelt viser resultata at berre 38 prosent av tiltaka er retta mot arbeidslivet, medan 26 prosent av tiltaka er retta mot utdanning,

- Dette er eit paradoks. Heile poenget med introduksjonsprogrammet er at flykningar skal koma i jobb og utdanning. Tiltak vi veit verkar vert ikkje brukt aktivt no. Mange kommunar kan heilt klar verta meir ambisiøse på vegner av dei nye innbyggjarane sine, seier direktør i IMDI, Libe-Rieber-Mohn.

Les meir her.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 25.10.2018 16:14
Sist endret: 25.10.2018 16:18