Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar for team for vald- og overgrepssaker

31. oktober – 1. november var alle konsultasjonsteam for vald- og overgrepssaker i region vest samla til seminar og feiring på Solstrand.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Deltakarar på seminaret på Solstrand.
Deltakarar på seminaret på Solstrand.

Konsultasjonsteama i region vest fekk i 2016 tildelt Justis- og beredskapsdepartementets pris for samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjonar. Prisen vart delt ut av dåverande justisminister Anders Anundsen og blei motteken av Reidun Dybsland frå RVTS (Ressurssenter om Vald, Traumatisk stress og Sjølvmordsførebygging) - på vegner av alle konsultasjonsteama. På samlinga på Solstrand fekk alle lokale konsultasjonsteam utdelt kvar sitt diplom, som bekreftar at vi alle har del i prisen!

På Solstrand var vi samla ca 70 personar, frå konsultasjonsteam i Rogaland og Hordaland, til fagleg påfyll og sosialt samvær. Frå Fjell var vi representert med sju deltakarar: Linda Asphaug (helsesøster), Jorunn Tyldum (rettleiarteam for skule), Anja Høye Rogde (kommunepsykolog), Liv Golten (PPT), Kjersti Kleppe (barneverntenesta), Liv Astrid Husby (BUP) og Siv Anne Waage (rettleiar for barnehagar),

Til orientering: konsultasjonsteamet i Fjell har møte ein gong i månaden, og er for alle!


Tekst: Siv Anne Waage


Publisert: 10.11.2017 11:00
Sist endret: 10.11.2017 11:04