Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar: Forskinga må visa om tiltaka virkar

Vel 70 medarbeidarar var samla til seminar i kultursalen i dag der temaet var tiltak mot barnefattigdom. - Det er viktig at forskinga viser om tiltaka virkar, sa psykolog og forskar Tormod Bøe frå UNI Research Helse.

Tormod Bøe
Tormod Bøe


I november/desember gjennomførte kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane. Undersøkinga er gjort i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Uni Research (forskingsinstitutt). Ein rapport om resultata føreligg i mars 2017.

- Innsatsen mot barnefattigdom kan styrka økonomien til barnefamiliane slik at familiane og barna kjem ut av fattigdomssituasjonen. Det kan setjast i vert tiltak som skal letta situasjonen for dei fattige barnefamiliane i påvente av at familieinntekta aukar. I Noreg har vi god barnehageforsking, og den viser at barnehage er sosial utjamnande, sa Bøe på seminaret.

Fleire tiltak

Aktuelle tiltak mot barnefattigdom er mellom anna økonomisk støtte. Dette er direkte støtte til barna/familiane og universelle (idrettslag, skular o.l.). Andre tiltak er kompenserande tiltak (leksehjelp, hjelpeapparat osb.), selektive tiltak (direkte støtte til særskilte grupper) og opne tiltak som er tilgjengelege for alle.

Undersøkinga er gjennomført for elevane i femte til 10. årstrinn på alle skulane i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Også dei føresette til desse elevane var med på undersøkinga. I Askøy var undersøkinga retta mot elevar frå femte til sjuande årstrinn og føresette. Undersøkinga er finansiert gjennom skjønsmidlar frå Fylkesmannen og er ein del av kommunane sitt arbeid mot barnefattigdom.

Etter foredraget var det gruppearbeid.
Etter foredraget var det gruppearbeid.


I tillegg til dette vart det i dag lagt fram ein oversiktsrapport om levekår, tenestetilbod og utfordringar knytt til barnefattigdom i Fjell kommune (2016).

Hovudfunn i rapporten er mellom anna:

  • Talet på barn i hushald med låginntekter har auka frå 2010 til 2014.
  • Det er lite medvit omkring problemet og det finst ikkje system og systematikk for korleis ein avdekkjer fattigdomsutfordringar.
  • Det er uvisse om korleis tilsette skal gå fram for å hjelpa familiar som er råka av fattigdom.
  • Fleire saknar oversikt over hjelpetiltak.
  • Det er mangel på økonomiske ordningar for barn under 18 år som ikkje har foreldre som ikkje kan hjelpa dei konomisk.
  • Det kan opplevast som stigmatiserande å ikkje ha råd til å delta i fritidsaktivitetar.
  • Mangel på klede, sko og utstyr kan vera ei utfordring for mange. Det same gjeld manglande kollektivtilbod/transport.
  • Gratisprinsippet for skule er også ei utfordring.

Barnefattigdomsprosjektet er forankra politisk med eige barnefattigdomsutval. Leiarteamet til rådmannen er styringsgruppe, medan Monica Pedersen er prosjektkoordinator. I tillegg er det oppretta arbeidsutval og arbeidsgruppe. Det første året (2016) er først og fremst nyta til kompetansebygging og sikra kunnskap om temaet. Tiltaksfasen er 2017-2019.

Samfunnsplanleggjar Marit Sigurdson sa innleiingsvis på seminaret i dag at dei mest utsette gruppene er einslege forsørgjarar, dei som ikkje har vestleg bakgrunn og foreldre som ikkje har arbeid/lever på trygd.

Her kan du lesa meir om undersøkinga.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 05.01.2017 11:44
Sist endret: 05.01.2017 11:52