Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar: Klimakunnskap om Fjellsamfunnet

På måndag arrangerte Fjell kommune seminar i samband med utarbeidinga av handlingsplan for energi, miljø og klima. Dei 40 frammøtte fikk høyra om arbeidet med aktsemdkart for overvatn og flaum i Fjell kommune, energi- og klimarekneskap og planarbeidet.

Elisa Dahl Walderhaug og Johanne Ness frå CEMAsys.
Elisa Dahl Walderhaug og Johanne Ness frå CEMAsys.

Saksordførar, Odd Valvatne (AP), ønskte velkomen og presenterte foredragshaldarane frå Asplan Viak og CEMAsys. Odd snakka òg om seminaret som blei halde våren 2017 om konsekvensane av klimaendringane. Han trakk fram kor viktig det er å ta klimaendringane på alvor og få på plass dei riktige tiltaka for å førebyggja skadar og tap.

Prosjektleiar for planarbeidet, Andreas Moen, snakka vidare om bakgrunn for planen og status for den gjeldande klimaplanen frå 2009. Han tok for seg arbeidet med energi og klima i Fjell kommune og viste mellom anna til energiløysingar som vert nytta i lokalmedisinsk senter og kommunale bygg på Ågotnes. Vidare snakka han om tiltak og fokusområde i den nye handlingsplanen for energi, miljø og klima.

Utfordring med overvassflaum

Overvassflaum som følgje av ekstremnedbør er ei aukande utfordring i Fjell. Asplan Viak har på vegne av Fjell kommune utarbeidd ein rapport og kart som viser farar knytt til overvassflaum. Det var fire representantar frå Asplan Viak som presenterte deira arbeid med karta. Øyvind Sundfjord som har leia arbeidet snakka om korleis dei utvikla karta og funksjonane til desse. Vidare presenterte Ingrid Dymbe Birkeland og Christian Hestnes meir detaljert om metode og kartdata. Rune Fanastølen snakka til sist om den planmessige handteringa av overvatn i Fjell kommune og har i rapporten kome med fleire forslag til tiltak.

Frå CEMAsys deltok Elisa Dahl Walderhaug og Johanne Ness. Dei presenterte arbeidet med utarbeidinga av energi- og klimarekneskapet for Fjellsamfunnet og den kommunale verksemda. Dei viste mellom anna til klimaeffektane av energi- og klimatiltaka i den nye handlingsplanen og framskriving av klimagassutsleppa i Fjell kommune.

Tekst og foto: Andreas Moen

Her er fleire bilete frå seminaret på måndag:


Publisert: 06.02.2018 14:11
Sist endret: 06.02.2018 14:17