Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar med konsultasjonsteam for vald og overgrepssaker

Tirsdag 10. april arrangerte konsultasjonsteam for vald og overgrepssaker seminar i kultursalen i Fjell rådhus.

Om lag 120 deltok på seminaret.
Om lag 120 deltok på seminaret.

Temaet var «Grenseoppgang mellom normal og problematisk/skadeleg seksuell utforsking og åtferd hos barn og unge», og seminaret vart gjennomført i 2 omgangar; ein før lunsj og ein etter. Det var god oppslutning; i overkant av 120 deltakarar i begge bolkar.

Der var folk frå Øygarden, Sund og Fjell kommunar, og representantar frå mange ulike etatar; skule, barnehage, barnevern, helsestasjon, fysio-/ergo, psykisk helse, tiltak funksjonshemma, Home-Start, legevakt, m.fl. Kommunepsykolog Anja Høye Rogde innleia med eit times foredrag om temaet – interessant og lærerikt, krydra med mange gode eksempel .

Konsultasjoneteamet, og der er det f.v.: Kjersti Kleppe – barneverntenesta i Fjell, Liv Golten -  PPT, Siv Anne Waage – rettleiarteam for barnehagar, Linda Asphaug – helsesøster for barnehagar, Jorunn Tyldum – rettleiarteam for skule, Gerd Elin Marx – barneverntenesta i Øygarden, Anja Høye Rogde – kommunepsykolog.
Konsultasjoneteamet. Frå venstre; Kjersti Kleppe, barneverntenesta i Fjell, Liv Golten,  PPT, Siv Anne Waage, rettleiarteam for barnehagar, Linda Asphaug, helsesøster for barnehagar, Jorunn Tyldum, rettleiarteam for skule, Gerd Elin Marx, barneverntenesta i Øygarden,  og Anja Høye Rogde, kommunepsykolog.

Siste del av seminaret var sett av til arbeid i grupper, med verktøyet «Trafikklyset»; ein guide for vaksne til å identifisera, vurdera og gi respons på seksualitet som fremmer bekymring.
Viktig tema, tankevekkande foredrag og engasjerte deltakarar.

Ein guide for vaksne til å IDENTIFISERA, VURDERA og gje RESPONS på seksualitet som fremmer bekymring.

Tekst: Siv Anne Waage, rettleiar for barnehagar


Publisert: 13.04.2018 17:12
Sist endret: 13.04.2018 17:18