Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar med konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker

28. mars var vi ca 250 tilhøyrarar som fekk glede og nytte av eit 3 timar langt seminar i regi av konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker.

På agendaen stod eit innlegg frå V27, som er ei klinisk ressurseining for alle BUP'ar i Helse Vest. Målgruppa er barn og unge som utøver problematisk eller skadeleg seksuell atferd mot andre barn. Frå V27 hadde vi besøk av Helle Kleive og Eva Mørch, begge psykologspesialistar. Dei gav oss mykje god kunnskap og informasjon om kva arbeid som vert gjort rundt desse barna og korleis vi kan få hjelp dersom vi opplever slike saker.

Liv Astrid Husby frå Øyane BUP, hadde eit kort og engasjert innlegg om kva dei traumatiserte barna treng – frå oss som jobbar tett på dei. Kan du sjå, høyra, forstå og vera nær eit barn som har opplevd traumer, så er det ei god hjelp og støtte. Vi må ikkje tenkja at det blir for vanskeleg for oss «på gølvet» - her må det inn psykolog. Det er «flokken» rundt barnet som er viktig, dei vaksne som er med barnet i kvardagen kan utretta mykje med å forstå og bekrefta barnets vonde følelsar.

Hilde Landro – pedagogisk leiar i Læringverkstedet Straume barnehage og sexologisk rådgivar, og Liv Golten – spesialpedagog i PPT Fjell og sexolog, hadde eit tankevekkande og godt innslag om korleis vi skal snakka med barn og ungdom om seksualitet. Heilt frå barnehage og oppover i skulen, må dette bli eit prioritert tema. Det kan bidra til at barna får eit godt og avslappa forhold til eigen kropp og seksualitet, og – ikkje minst – til at barn får eit språk for å sei i frå om dei opplever overgrep.

Tekst: Siv Anne Waage

Bilete


Sist endret: 01.04.2019