Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar og kommunestyremøte

I forkant av behandlinga av saker i kommunestyret den 26. januar, vert det seminar for kommunestyret om grunnbemanning, rekruttering, sjukefråvær og vikarpool.



På seminaret, som startar klokka 10, skal dagleg leiar i KS Hordaland, Astrid Toft, snakka om kva som er framtidas behov når det gjeld bemanning og sjukefråvær. Andre tema er turnus og arbeidstidsordningar i Fjell kommune og mogleg samarbeid mellom Helse Vest og Fjell kommune når det gjeld vikarpool og traineeprogram.

Saker på kommunestyremøtet (tek til etter seminaret,om lag klokka 13.00):

  • Vertskommunesamarbeid om barnevernsvakt mellom Fjell, Sund og Øygarden og avtale om samarbeid mellom Askøy og Fjell kommunar om barnevernsvaktAdministrativt vertskommunesamarbeid, samarbeidsavtale mellom Sund og Fjell kommunar om oppgåver etter lov om barnevernstenester
  • Detaljregulering for Geitvika friluftsområde, gnr 45/5 m.fl, Søre Straume, sluttbehandling
  • Spørjetimen
  • Detaljregulering for Angeltveitvegen gnr. 23, bnr. 6 m.fl. – Angeltveit, sluttbehandling
  • Søknad om mindre endring av reguleringsplan for gnr. 35/4 Straume og gnr. 45,
    bnr 4, 6, 121, 129, 130 og 131, Ebbesvik, Straume næringspark
  • Utvida mandat til Førebuande fellesnemnd om tilsetjing av prosjektleiar for
    etablering av den nye kommunenServiceerklæring for plan- og utbyggingssjefen
  • Drøfting av folkevalde sine arbeidsvilkår - punkt III i Reglement for folkevalde
  • Søknad om salsløyve for alkohol - Bunnpris Ågotnes – verksemdsoverdraging
  • Suppleringsval til FjellVAR, Straume Idrettspark og landbruksnemnda
  • Omval av varamedlem til komite for drift og forvaltning

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og behandlinga av sakene tek til etter at seminaret, som startar klokka 10, er ferdig.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


 

 


Publisert: 20.01.2017 09:13
Sist endret: 20.01.2017 09:29