Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar om radikalisering og ekstremisme

Tysdag den 25. april vert det invitert til fagseminar i Fjell kulturhus på Straume der temaet er nedkjemping av radikalisering og valdeleg ekstremisme i regionen vår. Målgruppe er tilsette i kommunane Sund, Fjell og Øygarden, politiet og andre som er engasjert i frivillig arbeid.

Monica Johannesen Mørk
Monica Johannesen Mørk


Det er Fjell kommune og politiet som inviterer til seminaret.

- Denne fagdagen kan gjera oss alle litt tryggare på kva vi eigentleg skal førebyggja og kva tiltak som fungerer. Ikkje minst kan det læra oss noko om korleis vi kan og skal følgja opp innbyggjarar som er på veg inn i «radikaliseringstunnelen», seier politioverbetjent og seksjonsleiar for ungdomsseksjonen i Vest politidistrikt, Monica Johannesen Mørk.

Det er forventa at kommunane og politiet skal førebyggja radikalisering og valdeleg ekstremisme. Leiar i sikkerheitstenesta i politiet (PST) i Vest politidistrikt, Øyvind Tenold, stiller i sitt innlegg på fagseminaret spørsmålet om kva dette er.

Erfaring frå Sarpsborg

På seminaret får vi også kjennskap til kva erfaring frå Sarpsborg kommune har med nokre av innbyggjarane deira som har slutta seg til Islamsk Stat (IS) og familien har vorte verande i kommunen. SLT-koordinator Tone Faale vil gje informasjon om korleis kommunen og politiet har arbeidd med å førebyggja radikalisering og kva dei har gjort for å følgja opp familiane som har vorte verande i kommunen.

Seminaret vert avslutta med at leiar av flyktningar og tenesteutvikling i Fjell, Monica Pedersen, og SLT-koordinator i Fjell, Tore Iversen, viser til kva som vert gjort lokalt i arbeidet med nedkjemping av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Lokalt er det det mellom anna etablert eit kraftsenter for inkludering, (SLT: Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak).

Målgruppe for fagseminaret kan vera tilsette i ungdomsskular, vidaregåande skular, tilpassa opplæring, helsetenesta, flyktningtenesta og frivillige medarbeidarar.

- Alle desse yrkesgruppene kan brått koma i ein situasjon der dei må spela ei viktig rolle i oppfølging av enkeltindivid eller familiar, seier Monica Johannesen Mørk.

Les plakat for seminaret her.

Påmelding til: kristoffer.movik@fjell.kommune.no.
Frist for påmelding er 10. april. Deltakinga er gratis.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Liv Trude Voll Gullaksen

 


Publisert: 28.02.2017 14:04
Sist endret: 28.02.2017 14:09