Facebook ikon Twitter logo Print side

Seminar om vald og truslar

Om lag 40 deltakarar var denne veka samla på dialogseminar i kultursalen i Fjell rådhus der det handla om vald og truslar i helse- og sosialsektoren.

Frå fagseminaret på tysdag denne veka.
Frå fagseminaret på tysdag denne veka.

Seniorinspektør i Arbeidstilsynet, Øyfrid Geiring og sjefsingeniør  Edle Utaaker, orienterte om vald og truslar, kartlegging og risikovurdering. Dei viste til praktisk erfaring frå tidlegare satsingar og vidare satsing mot kommunale verksemder i 2017.

Dette er eit ledd i at Arbeidstilsynet i 2017 og 2018 skal ha ei nasjonal stasting på dette feltet. Formålet med dialogseminaret var å fokusera på førebygging og handtering av vald og truslar mot arbeidstakarar gjennom at verksemdene deler praktiske erfaringar. Arbeidstilsynet gjev rettleiing, mellom anna om nye lovkrav.

Øyfrid Geirung
Edle Utaaker frå Arbeidstilsynet

Frå Fjell var deltakarane frå barnevernstenesta, psykiatrisk team, heimetenesta (omsorg) og Helsesjefen-Rus( MO-senter). Også hovudverneombodet deltok på seminaret. Deltakarane gav gruppevis informasjon om kva utfordringar og dilemma dei opplever når det gjeld vald og truslar. Det vart også gjeve døme på tiltak for å førebyggja, handtera og følgja opp vald og truslar.


Øyfrid Geiring, Arbeidstilsynet

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 04.05.2017 22:32
Sist endret: 04.05.2017 22:39