Facebook ikon Twitter logo Print side

Sender saker om skulenedlegging ut på høyring

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok på tysdag å senda saker om nedlegging av Liljevatnet skule og Tellnes skule ut på høyring.

Frå møtet i KDF på tysdag.
Frå møtet i KDF på tysdag.

I sakene som no er sendt ut til høyring, er det føreslått at Tellnes skule vert lagt ned med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Etter at høyringsfristen er ute den 17. april, kjem sakene tilbake til komitéen den 30. april. KDF gjev så innstilling til kommunestyret som tek endeleg avgjerd den 7. mai.

På møtet på tysdag føreslo SV at prosessen med nedlegging av dei to skulane skulle avsluttast og at ein skulle sjå på skulestruktur i samband med kommunesamanslåinga i 2020. Også Sotralista og Frp røysta for dette forslaget. Forslaget fekk dermed ikkje fleirtal.

Etter at forslaget om å avslutta prosessen med nedlegging av skular ikkje fekk fleirtal, røysta mindretalet (SV, Sotralista og Frp) for at sak om mogleg nedlegging av Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019 vert lagt ut på høyring med ein høyringsfrist til 2. mai. Heller ikkje dette forslaget fekk fleirtal.

Det var Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Miljøpartiet Dei Grøne (seks medlemer) som støtta innstillinga frå rådmannen om å senda sakene om nedlegging av dei to skulane ut på høyring.

Bakgrunnen for desse to sakene er vedtak i kommunestyret den 14. desember i 2017 og den 22. februar i år. På det siste kommunestyret vart det vedteke å tilrå at skuledrifta på Liljevatnet skule vert lagt ned frå 31. juli 2019, medan det vart rådd til at Tellnes skule vert lagt ned med verknad frå 31. juli 2018. Saka omhandlar også nytt skuletilbod til elevane og etterbruk av skulebygningane.

Innsparing

I saksutgreiinga går det fram at nettoinnsparinga ved å leggja ned Liljevatnet skule vil variera ut frå kva løysing som vart valt når det gjeld skuletilbodet til elevane. Ved å la elevane få undervisninga på Brattholmen skule, vert innsparinga 5,2 millionar kroner i 2019 og 11.4 millionar kroner frå 2020 (heilårsverknad). Dersom ein del av elevane frå Liljevatnet går på Brattholmen skule og resten går på Hjelteryggen skule, vert innsparinga 1,6 millionar kroner i 2019 og 3,5 millionar kroner i 2020. I saksutgreiinga er det lagt til grunn at Fjell kulturskule held fram i lokala på Liljevatnet skule. Bygget kan også nyttast til andre kommunale tenester, til dømes barnehage.

Ei eventuell nedlegging av Tellnes skule vil ifølgje rådmannen gje ei innsparing på 3.5 millionar kroner i 2018 og 7,7 millionar kroner i 2019 dersom alle elevane i Tellnes-krinsen vert overflytta til Ulveset skule. Dersom om lag halvparten av elevane vert flytta til Skogsvåg skule og resten av elevane går på Ulveset skule, vil innsparinga verta om lag 2,6 millionar kroner i 2018 og 5,8 millionar kroner frå 2019.

Uttalar seg ikkje om utgreiing (NOU) «På ein sundag»

Komitéen vedtok med sju mot to røyster at Fjell kommune ikkje gjev uttale til NOU-utgreiinga «På ein sundag». Mindretalet (Høgre) røysta for å støtta modell to i utgreiinga som legg opp til at ein vil skapa likare konkurransevilkår, men samstundes skjerma sundag føremiddag og dei store høgtidsdagane.

NOU-utvalet har skissert fire ulike modellar for regulering av sundagshandel frå dei faste utsalsstadene. Eit fleirtal av utvalet landar på modell to.

Før behandling av dei to skulesakene, orienterte Norconsult om folke- og elevtalsprognose for 2018-2032. Det var også orientering om prosjektet PitStop 24/7, Basecamp og Lyngheia bufellesskap. Som styringsgruppe gav KDF innspel til «Handlingsplan for energi, miljø og klima».


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 20.03.2018 19:57
Sist endret: 21.03.2018 12:40