Facebook ikon Twitter logo Print side

Sender store vegplanar til offentleg høyring

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på møtet i dag å leggja planar for vegsambanda Kollveit-Ågotnes (fv 561) og Kolltveit-Sund (fv 555) ut til offentleg ettersyn.

 

Begge vegsambanda vert knytte saman med Sotrasambandet (rv 555) på Kolltveit.
Begge vegsambanda (delprosjekta) vert knytte saman med Sotrasambandet (rv 555) på Kolltveit.

Samla kostnad for begge vegprosjekta er førebels rekna til nærare 5,8 milliardar kroner. Når det gjeld veg mot sør, meiner rådmannen at det truleg vil verta nødvendig å dela vegsambandet opp i fleire utbyggingsetappar.

Kolltveit-Ågotnes

Dette planframlegget legg opp til ei fullstendig trafikkløysing som opnar for ny firefeltsveg med planskilte kryss på Kolltveit og Ågotnes, tre bruer over vatn og vassdrag og miljølok på Ågotnes. Strekninga er på 9,7 kilometer. Kostnadsoverslaget (pr. august 2017) er mellom 1,89 og 2,36 milliardar kroner, alt etter kva løysing ein landar på. Denne reguleringsplanen inngår i delprosjekt 3 i Sotrasambandet; fastlandssambandet Sotra-Bergen og det nord-sørgåande sambandet på Sotra.

Det er tatt høgde for at det kan byggjast ein tofeltsveg med midtdelar som eit første byggjesteg, men vegen er planlagt som ein firefeltsveg i samsvar med vegnormalane. Rådmannen skriv i utgreiinga at utbygging av tofeltsveg som eit første byggjesteg med seinare utviding til firefeltsveg vil verta vesentleg dyrare enn å byggja ein firefeltsveg i eitt byggjesteg.

Kolltveit-Vorland

Planframlegget for denne strekninga legg opp til ei trafikkløysing med 15 kilometer lang veg (to felt) med tre tunnelar og sju bruer. Ni kilometer av vegen ligg i Fjell kommune. Denne reguleringsplanen inngår i delprosjekt 2 i Sotrasambandet; fastlandssambandet Sotra-Bergen og det nord-sørgåande sambandet på Sotra.

Samla kostnad (anslag) er 3,4 milliardar kroner. Det er to tunnelar på strekninga, bak Fjell gard (om lag 2,8 kilometer) og ved motorcossbana ved Trengereid (0,3 kilometer). Det er også lagt opp til ein tunnel på strekninga frå Fjell gard forbi Krossleitet. Ved å dela opp prosjektet, kan ein få realisert dei delane av prosjektet som er viktigast å få gjennomført på kort sikt. Rådmannen viser mellom anna til at realisering av den lange tunnelen bak Fjell gard truleg ligg langt fram i tid.

For begge prosjekta vert det understreka at dei samfunnsmessige med prosjekta vert rekna for større enn dei negative konsekvensane av planframlegga. Rådmannen meiner også at realisering av desse prosjekta vil vera positivt for næringsutvikling og attraktivitet for busetting.

Leiar av komitéen Henning Ekerhovd seier at komitéen gjorde eit historisk vedtak på møtet tysdag kveld då det vart vedteke å senda planane ut til offentleg ettersyn.

Detaljregulering Heimtun, Straume (sluttbehandling).

Komitéen innstiller på at Fjell kommunestyret godkjenner planen. Fire medlemer (Senterpartiet, KrF, Frp og Sotralista) røysta for å utsetja saka og ta synfaring. Då utsetjingsforslaget fall, vart det med sju mot to røyster (Sotralista og Frp) innstilt på å godkjenna planen.

Denne planen legg til rette for å byggja mellom 56 og 73 bustadeiningar i blokker og eventuelt rekkjehus rett sør for Sartor Storsenter. Saka går altså til endeleg behandling i kommunestyret.

Detaljregulering Straumsfjellet, Straume (sluttbehandling)

KPU går inn for at kommunen godkjenner planen. Planområdet er på om lag 16 dekar, og planen legg til rette for etablering av 83 bustadeiningar med vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal. Planområdet ligg om lag 500 meter i gangavstand frå Straume sentrum. Planen går til endeleg behandling i kommunestyret.

Førespurnad om interkommunal plansamarbeid

KPU godkjende start av interkommunalt plansamarbeid for områdeplan for Skogsskiftet i Sund. Medlemene i den politisk styringsgruppa frå Fjell vert dei same som følgjer den interkommunale kommunedelplanen for Skogsskiftet. I utgreiinga skriv rådmannen at han ser dette som i hovudsak som eit formelt vedtak som må på plass for at Sund kommune skal få gjennomført ei områderegulering som ser heile Skogsskiftet i samanheng.

Komitéen behandla ni klagesaker. Ei av dei vart utsett for synfaring.


Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Statens vegvesen

 


Publisert: 18.09.2018 20:33
Sist endret: 18.09.2018 20:49