Facebook ikon Twitter logo Print side

Seniorsenteret: 10 år med open dør

Seniorsenteret er staden for den godt vaksne som likar å slå av ein prat, gjerne kombinert med ein kopp kaffi og nysteikte vaflar. I haust flytta Seniorsenteret inn i nye lokale, men dei held framleis til på Sartor Storsenter.

Det er alltid god stemning på Seniorsenteret.
Det er alltid god stemning på Seniorsenteret.

Den 12. desember klokka 12.00 vart Seniorsenteret opna. Sidan har senteret vore ope mellom klokka 10 og 14 kvardagar heile året. Senteret har eige styre og vert drive av frivillige.

Og hugs; det er ope på Seniorsenteret i romjula.

Styreleiar Knut Miland mimrar.

- Dei ti åra har gått fort. Det er jo ofte slik når ein har det gøy. Tanken var å ha eit lågterskeltilbod som er eigna for dei som vil treffa andre utan at vi forventar noko anna enn at dei kjem innom ein tur. Her kan ein godt koma åleine. At vi held til på eit kjøpesenter er fornuftig. Her er dei fleste innom frå tid til anna, og ein kan kombinera besøket med andre nødvendige ærend.

- Mange tek bestillingsbussen fast kvar torsdag for å ta turen til Seniorsenteret. På torsdagane har Seniorsenteret eige Treff+-tilbod med trekkspel og bingo anna kvar gong. Trekkspel er mest populært. Seniorkameratane har stilt som frivillige og spela fast anna kvar torsdag i alle år. Dei er heilt fantastiske, og dei har mange tilhengjarar blant seniorane. Når Seniorkameratane spelar er det full fest midt på lyse dagen, seier styreleiaren.

Onsdagane kjem det ungdommar i frå Fjell ungdomsskule som har valfaget «Innsats for andre». Dei har quiz der vi får bryna dei små grå. Dette er også veldig populært. Andre dagar er det roligare og då går det mest i småprat.

- Når du først har funne fram til Seniorsenteret, held du fram med å møta opp. Problemet er at mange ikkje veit om Seniorsenteret, og mange finn ikkje vegen opp til oss her i kroken. Det må vi gjera noko med, seier Knut.
Difor vil vi Fjell kommune laga ein video av korleis ein finn vegen med rulleband og med heis. Den vil du finna fast på Seniorsenteret sine nettsider frå nyåret.

Seniorsenteret er ope torsdag og fredag (27. og 28. desember) romjula klokka 10.30 – 13.00. 2. januar er det ope frå 10-14 som vanleg, og torsdag 3. januar kjem Seniorkameratane og spelar.

For transport til/frå Straume terminal torsdagar: ring Servicetorget 55096000 innan klokka 14 onsdagen (37,- kvar veg). For buss i romjula, ring før 12 på julaftan eller send e-post til kundetorget@fjell.kommune.no


Tekst: Unni Sørensen
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete

 

 


Sist endret: 21.12.2018