Facebook ikon Twitter logo Print side

Signerte kontrakt for bygging av kabel-tunnelar

Onsdag ettermiddag signerte regionvegsjef Helge Eidsnes og representantar frå Bertelsen & Garpestad og det tjekkiske selskapet Metrostav kontrakten for bygging av kabel-tunnelane knytt til Sotrasambandet. Arbeidet startar opp til tidleg i juni.

Frå venstre Øyvind Langemyr, Helge Eidsnes og Jan Kvas.
Frå venstre Øyvind Langemyr, Helge Eidsnes og Jan Kvas.

Kontrakten (einingskontrakt) har ei ramme på 287 millionar kroner. Denne jobben er eit førebuande oppdrag i forkant av OPS-prosjektet (OPS: Offentleg-privat-samarbeid), og dei to selskapa skal samarbeida om oppdraget.

Kabeltunnelane skal gje plass til høgspentkablar mellom Breiviksskiftet og Litlesotra trafostasjon. Den planlagte hengebrua i det nye Sotrasambandet kjem i same fjordkryssing som dagens høgspentlinje over fjorden mellom Bergen og Fjell. Dermed må høgspentlinja flyttast før den nye brua kan byggjast. Høgspentlinja vil gå mot Sotrabrua i eigne tunnelar på begge sider og skal leggjast inn i fagverket i noverande bru (Sotrabrua).

Tryggleik har høgste prioritet

- Sotrasambandet er eit heilt spesielt prosjekt både for Bergen, Fjell, Øygarden og Sund. Dette konkrete prosjekt med vegtunnel skal sikra framføring av elektrisitet, og det er ikkje rom for feil. Tryggleik for arbeidarane har høgste prioritet, sa Helge Eidsnes før han og dagleg leiar Øyvind Langemyr i Berthelsen & Garpestad og businessdirektør Jan Kvas´ i Metrostav skreiv under kontrakten.

Øyvind Langemyr sa at det vil verta brukt lokale underleverandørar frå Sotra-området i arbeidet med kabel-tunnelane.

- Tryggleiken skal vera å topp. Vi har lågt sjukefråvær, og vi har ikkje hatt ei einaste dødsulukke i selskapet nokonsinne, sa Langemyr.

Frå venstre; Kenneth Rott (prosjektleiar Bertelsen & Garpestad), Ivan Pirsc (Metrostav), Ales Richter (Metrostav), Espen Hammersland (prosjektleiar, Statens vegvesen), Helge Eidsnes, Jan Kvas, Øyvind Langemyr og Andreas Roan (marknadssjef Bertelsen & Garpestad).
Frå venstre; Kenneth Rott (prosjektleiar Bertelsen & Garpestad), Ivan Pirsc (Metrostav), Ales Richter (Metrostav), Espen Hammersland (prosjektleiar, Statens vegvesen), Helge Eidsnes (regionvegjsef), Jan Kvas (Metrostav), Øyvind Langemyr (dagleg leiar Bertelsen & Garpestad) og Andreas Roan (marknadssjef Bertelsen & Garpestad).

Statens vegvesen vert byggherre for bygging av tunnelar, sjakter og tilrettelegging for høgspentlinja på dagens bru, medan BKK vil vere byggherre for sjølve kabel-flyttinga.

Denne kontrakten på 287 millionar kroner er ein del av den totale ramma Statens vegvesen og BKK underteikna i september 2017 på totalt 500 millionar kroner.

Tysdag kveld (08.05.) gav transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget innstilling på bompengesaka for Sotrasambandet. Stortinget behandlar saka endeleg i plenum den 15. mai.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 09.05.2018 22:23
Sist endret: 09.05.2018 22:41