Facebook ikon Twitter logo Print side

Siste dag for den 15. «Kroppen i balanse-gruppa»

Torsdag 16.mai var siste samling for vårens «Kroppen i balanse-gruppa» - eit førebyggjande tilbod til eldre heimebuande.

Kroppen i balanse

Fyrste gruppe vart gjennomført våren 2012. Dette var, og er framleis eit samarbeid mellom Dagavdelinga/Straume bu og servicesenter og fysio- /ergoterapiavdelinga i Fjell kommune. I gruppene har ein også hatt med frivillige, som har vore naudsynt for gjennomføringa.

Viktig å halda seg i form

Sitert frå deltakaranes informasjonsskriv:

«Etter kvart som ein blir eldre, opplever mange at ting går saktare og at ein ikkje er så sterk som før. Redusert syn og hørsel kan og påverke utføring av daglege aktivitetar, og til saman kan dette auke risikoen for å falle. Forsking viser at trening og fysisk aktivitet kan motarbeide og påverke denne utviklinga i stor grad. Det er aldri for seint å starte og all aktivitet er viktig for å halde seg i form. Ved å halde seg aktiv kan ein oppretthalda styrke og balanse slik at ein er mest mogleg sjølvstendig i det daglege. Det er og nyttig å leggje til rette heimen med godt lys, ryddige flater og hjelpemidlar som gjør det lettare å klare seg sjølv».

Gruppa har trena saman to gonger i veka over ein periode på 12 veker. Det vert fyrst ein time med balansetreing, deretter gåtur frå terapibygget til Straume bu og servicesenter. Etter ei fellesstund der ein har oppe ulike tema, avsluttar vi dagen med tilbod om middag i kantina. Etter dei fyrste gruppene frå 2012 var det mange som etterlyste eit tilbod vidare. Dei siste åra har tilbode vore knytt opp mot AKTIV + trening i Sotra Arena. Slik vert det mogeleg for deltakarane å halde fram treninga på eigehand.

Deltakarbevis

Tekst: Sandra Sognnes Thorstensen, musikkterapeut Straume bu og servicesenter

Foto


Sist endret: 21.05.2019