Facebook ikon Twitter logo Print side

Siste møte for Fjell eldreråd

På tysdag denne veka vart det markert at Fjell eldreråd hadde sitt siste møte før den nye kommunen er eit faktum frå 1. januar. Heretter handlar det om eldreråd for Nye Øygarden kommune.

Her er dei som var med på det siste møtet i Fjell eldreråd. Frå venstre framme: Karin Bjærum, John Kjell Fjeld,og Unny Sofia Landro. Bak frå venstre; Berit Anita Larsen, Gudveig Lillebø og Ole Konrad Ekerhovd.
Her er dei som var med på det siste møtet i Fjell eldreråd. Frå venstre framme: Karin Bjærum, John Kjell Fjeld,og Unny Sofia Landro. Bak frå venstre; Berit Anita Larsen, Gudveig Lillebø og Ole Konrad Ekerhovd.

Leiar i Fjell eldreråd, Berit Anita Larsen, ser tilbake på arbeidet i eldrerådet med glede. Ho trur det vert spennande med eldreråd for den nye kommunen.

- Dette har vore eit utruleg gjevande arbeid. Eldrerådet har eit fantastisk samhald, og vi har fått diskutera reelle saker. Dei kommunetilsette har alltid vore villige til å stilla når vi ber om det. Då har vi fått eit godt grunnlag for å gjera vedtak og gje uttale i saker. Vi er slett ikkje noko supperåd, seier Larsen som også viser til det årlege seniorseminaret i oktober som er viktig i dette arbeidet. Her kan du lesa om oktoberseminaret dette året.

Ein av nestorane i eldrerådet, Ole Konrad Ekerhovd understrekar kor viktig det har vore for mange seniorar å arrangera turar til «sørlege strok» og andre stader.

På det siste møtet var det orientering om status for arbeidet med bygdeboka. Forfattar Gaute Losnegård opplyste at boka er klar for sal før påske. Det var også orientering om den kulturelle spaserstokken og ombygging av demensavdeling på Fjell sjukeheim.

Lov om Eldreombodet

På møtet gav eldrerådet uttale til høyringsnotatet om forslag til lov om Eldreombodet (eldreombodslova). Eldrerådet meiner det bør arbeidast for ein årleg konferanse for Eldreombodet, Rådet for aldersvennleg Norge og dei kommunale og fylkeskommunale eldreråda.

- Desse intansane har mykje til felles, og det er difor viktig med god informasjonsutveksling til det beste for våre eldre, heiter det i uttalen frå Fjell eldreråd. Eldrerådet meiner at dette også kan takast inn som eigne føresegner i lova under paragraf 3 (oppgåver til Eldreombodet). Fjell eldreråd meiner elles at det bør arbeidast mot aldersdiskriminering, som den største utfordringa i vår tid.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 16.10.2019