Facebook ikon Twitter logo Print side

Siste ordinære møte for ungdommens kommunestyre

I dag var ungdommens kommunestyre (UKS) i Fjell samla til det siste ordinære møte. På møtet vart det delt ut diplom til alle medlemene. Frå 2020 vert det ungdommens kommunestyre/råd for Nye Øygarden kommune.

UKS fekk utdelt diplom for innsatsen som ungdomspolitikar i Fjell..
UKS fekk utdelt diplom for innsatsen som ungdomspolitikarar i Fjell.

Det vart eit møte prega av gode samtalar om tema som rus og utdanning.

Det vart også vedteke å løyva fem tusen kroner til Ekerhovd Indremisjon som driv Tirsdagsklubben med aktivitetar som brettspel og bowling. Det var søkt om tre tusen kroner til tiltaket.

- Dette er eit bra tiltak for all ungdom. Dette er også eit tilbod for ungdom som ikkje bur i området. Difor løyvde vi dei fem tusen kroner, seier leiar i UKS, Vilde Knudtsen Indrevik. Før vedtak om løyving var representant for søkjaren innkalla til intervju. Tirsdagsklubben er eit lågterskeltilbod til barn og ungdom frå fjerde til tiande klasse.

Føreslår ungdomsteam i arbeidet mot rusbruk

Ungdomspolitikarane i Fjell drøfta utfordringa med auka rusbruk blant ungdom. UKS fekk presentert hovudkonklusjonane i prosjektet «Ungdom og rus» som rådmannen har teke initiativ til.

Frå presentasjonen av prosjektet "Ungdom og rus".
Frå presentasjonen av prosjektet "Ungdom og rus".

Helsesøster Elisabeth Handal og rådgjevar på Fjell ungdomsskule, Renate Landro Lie, presenterte prosjektet for ungdomspolitikarane. Bakgrunnen for at rådmannen tok initiativ til prosjektet er uromelding frå politiet om auka rusbruk blant ungdom. Ei arbeidsgruppe har arbeidd med å kartleggja utfordringar knytt til ungdom og rus.

- Vi har registrert meir positiv haldning til rus blant unge, mellom anna bruk av cannabis. I media vert det ikkje sagt noko om dei negative konsekvensane av legalisering av narkotika i andre land, sa Elisabeth Handal.

I rapporten vert det mellom anna føreslått å etablera eit ungdomsteam retta mot ungdom i alderen 12 til 23 år etter mønster frå Askøy kommune. I samtalen fekk Handal og Landro Lie stadfesta at det er auka rusbruk blant unge og at det er lett å få tak i det narkotiske stoffet cannabis.

Utdanning

Sverre Konrad Nilsen i Gode Sirklar orienterte om prosjektet «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune». Prosjektet er grunngjeve med at ein må vera i forkant når det gjeld samordning og samhandling knytt til ny vidaregåande skule i regionen og at ein må bidra til å skapa ein attraktiv region, både for utdanning og arbeid.

Det er utarbeidd tre arbeidspakkar; brubygging, etter- og vidareutdanning og visjon om funksjon.

- Målet er at ein ny vidaregåande skule skal verta ein sentral samfunnsaktør i Nye Øygarden kommune. Det er viktig å få eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv, og det er eit behov for nye yrkesgrupper i skulen, sa Nilsen.

Sverre Konrad Nilsen
Sverre Konrad Nilsen

I samtalen var elevane tydelege på at det er ein god del å henta når det gjeld samarbeid og samhandling mellom skule og næringsliv.

- Eg opplevde dårleg samarbeid mellom skulen og bedrifta då eg var i praksis, sa ein av UKS-medlemene. Ein annan av ungdomspolitikarane opplevde det som kjempevanskeleg å velja linje på den vidaregåande skulen.

Sverre Konrad Nilsen hadde stor forståing for korleis ungdomane opplevde dette.

- Vi treng meir praksis i skulen. I Noreg kan du verta sivilingeniør utan å ha tatt i ein skiftesnøkkel, sa Nilsen som håpte at prosjektet kan bidra til å sikra eit attraktivt og framtidsretta utdanningstilbod for ungdom i og utanfor regionen.

Her kan du lesa presentasjonen om «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune».

Sjølv om dette var det siste ordinære møtet i Fjell UKS, kan det verta innkalla til møte etter behov.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 28.05.2019