Facebook ikon Twitter logo Print side

Sjå video frå «På Sporet-veka» på Fjell ungdomsskule!

I samband med «På sporet-veka» på Fjell ungdomsskule i november vart det laga ein video for å visa kva elevane arbeidde med denne veka.

Kompetansar for ei global, berekraftig framtid

I skuleverket er det i dag store omleggingar på gang kva gjeld læreplanar. Stortingsmelding 28 (2015-2016) viser trongen for revisjon og fokusering i læreplanar. I same melding står det og om prosjektet Education 2030, som Noreg er med i. Prosjektet har som mål å utvikle eit rammeverk for kva slags kompetansar elevar i OECD-landa vil ha behov for i et perspektiv mot 2030. Hovudkomponentane som er lagt til grunn er kunnskaper, kognitive kompetanser (problemløysing, kreativitet og kritisk tekning), sosiale kompetansar og metakompetansar (sjølvrefleksjon og effektive læringsstrategiar). Dette seier noko om kva vi kan forvente av kommande læreplanar.

Dei fleste gler seg! Fjell ungdomsskule vil gjerne gje elevane den beste framtida. Og vi forstår at vi alle får den beste framtida om barn og unge innehar kompetansar som gjev ei bærekraftig verd. Fjell ungdomsskule er i gong - både tilsette og elevar med «djupare læring» - og responsen er at dette gjev meining og motivasjon.

I veke 44 hadde Fjell ungdomsskule ei temaveke – som heiter «På sporet av framtida». Den veka la 520 elevar og 80 tilsette bort timeplanar, vanlege fag og klasseinndelingar. Det blei laga nye grupper/lag med vaksne lagleiarar, der kvart lag skulle lære om dei globale kompetansane gjennom eitt eller fleire av FN sine 17 bærekraftmål. Det yra av interesserte og motiverte ungdommar.

Veka vart avslutta med felles nattevandring til Bildenuten - både elevar, tilsette, føresette og lokalpolitikarar var med. På toppen venta to mann frå Sotra Brannvern med vardetenning. Det vart allsong med «Barn av regnbuen» i nydeleg måneskinn og vindstille. #denkjensla av fellesskap og meining, seier rektor Anne Merete Vabø Haugane.

Illustrasjon av dei 6 globale kompetansane (6C), etter Michael Fullan
Dei 6 globale kompetansane (6C), etter Michael Fullan
Illustrasjon: Michael Fullan


Publisert: 17.01.2018 10:24
Sist endret: 17.01.2018 10:26