Facebook ikon Twitter logo Print side

Sjømatjungel på Knappskog SFO

Det var høg aktivitet då matglade små-kokkar på Knappskog stelte i stand sjømat på skulefritidsordninga denne veka. Skulefritidsordninga på Knappskog skule er ein av tre skular i Fjell kommune som har meldt seg på «Matjungelen».

Havets skattekiste med fisk

Matjungelen er utvikla av «Folkeleg» i samarbeid med Opplysningskontoret for frukt og grønt, Høgskulen på Vestlandet og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, på oppdrag frå Helsedirektoratet. Opplegget er gratis og nettbasert, og vi kan velje kva aktivitetar vi ynskjer å ha på vår SFO.

Vi har valt å ha eit tema kvar månad , der barna får utforske og bli kjent med nye smaker og lære å ta gode val.

Vi ynskjer at barna skal lære om mat som er bra for kroppen og for miljøet, men det er viktig at aktivitetane skal vere leikprega og aktiviserande, då SFO tida er barna si fritid.

Havets skattekiste

Denne månaden var temaet «Havets skattekiste». Vi snakka om kvifor fisk er viktig og bra for kroppen vår, at det er viktig at maten ser innbydande ut med mange forskjellige fargar og at det er viktig å smake fleire gonger på mat før vi kan sei om vi liker det. Barna fekk lage kvar sin pakke der dei fekk velje blant mange forskjellige grønsaker og fisk.

Ingredienser til Havets skattekiste

Vi fekk sponsa flotte laksefileter frå Sekkingstad AS og FAU ved skulen har vore med å sponsa tilbehøyret.

Alle smakte seg fram til grønsaker og urter dei ville bruke og alle smakte på laksen, sjølv om nokre få var litt skeptiske. Maten smakte fortreffelig , og vi koste oss med «Havets skattekiste» ute, i skikkelig Vestlandsvær. Vi gleder oss til neste prosjekt!

Tekst og bilete: Irene Ormevik, leiar på skulefritidsordninga på Knappskog skule

Fleire bilete

Sjømatjungel på Knappskog SFOSjømatjungel på Knappskog SFOSjømatjungel på Knappskog SFO


Sist endret: 05.04.2019