Facebook ikon Twitter logo Print side

Skal gje uttale til rapportar og utgreiingar om transport

Formannskapet skal på møtet den 6. februar gje uttale til rapporten «Byutredning Bergen trinn 2» og silingsrapport for system og korridorval for kollektivtrafikksystemet og korridoren Bergen sentrum - Bergen vest.

IllustrasjonsfotoIllustrasjonsfoto


Rapporten «Byutredning Bergen trinn 2» skal inngå i grunnlaget for Nasjonal transportplan 2022-2033. Hovudtemaet er å greia ut kva utviding av avtaleområdet for byvekstavtalen har å seia for nullvektsmålet. Nullvekstmålet inneber at persontransportveksten i dei største byområda skal skje med kollektivtransport, sykling og gåing.

I vurderinga frå rådmannen går det fram at Fjell kommune ser at analysegrunnlaget som ligg i byutgreiinga kan vera eitt av fleire grunnlag for vidare drøftingar. Men i uttalen ønskjer han å signalisera at det er nødvendig med eit breiare grunnlag for å finna dei gode løysingane.

Silingsrapporten knytt til kollektivtrafikksystemet er utarbeidd i samband med arbeidet Bergen kommune gjennomfører i samband med arbeidet med kommunedelplan for kollektivtrafikksystemet frå Bergen sentrum til Bergen vest. I rapporten vert det vist til to hovudkorridorar for kollektivtransporten. Det er korridor langs riksveg 555 som bind Sund, Fjell, Øygarden og Askøy til Bergen og ein korridor som går gjennom Fyllingsdalen. Denne korridoren bind saman Bergen vest med Bergen sentrum i nord og Ytrebygda i sør.

I vurderinga støttar rådmannen tilråding om å vidareføra buss på korridoren heilt inn til sentrum. Rapporten tilrår ikkje å planleggja utviding av korridoren for bybane frå Storavatnet i Bergen til Straume i Fjell. Dette samsvarar med planarbeidet for Sotrasambandet. Rådmannen skriv mellom anna at det er viktig få med kva vekstkraft flytting av godshamn frå Dokken til Ågotnes vil gje. Han peikar også på at sjøvegen vil vera eit ambisiøst og mogleg regionalt satsingsområde som kan binda saman bergensregionen.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til om lag klokka 16.00 etter at formannskapet har vore på synfaring til det nye avlaupsreinseanlegget på Vågo, Storanipa.

Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Sist endret: 30.01.2019