Knut-Thore Algrøy i KrF presenterte forslag om innføring av avgift for tilsette som parkerer ved kommunale bygg. Seinare i møtet slutta KrF og fleiretalet i kommunestyret seg til eit framlegg frå Tom Georg Indrevik (H) der ein ber om utgreiing av avgiftsparkering, men med ei noko seinare oppstart av ordninga.
Det var i samband med ei sak om kartlegging av parkeringssituasjonen ved helselandsbyen på Straume og Fjell rådhus at dette vart vedteke. KrF hadde først føreslått eit meir detaljert forslag med innføring av betaling for parkering frå januar 2018. Etter at Tom Georg Indrevik (H) føreslo ei utgreiing med sikte på innføring innan utgangen av 2018, slutta også KrF seg til dette framlegget.
Elles støtta kommunestyret innstillinga frå komité for drift og forvaltning om at det skal fullførast skilting og handheving av skilta parkeringsplassar ved Fjell rådhus og helselandsbyen. Vidare skal ein be deltakarar på arrangement i kultursalen på dagtid å nytta parkeringsplassar i Kystbygarasjen på Straume og nytta kollektivtransport. Det skal setjast i gang ein haldningskampanje retta mot kommunalt tilsette på rådhuset og i helselandsbyen for å redusera bruk av bil til og frå arbeid.
Gruppemøte i Arbeidarpartiet
Endrar modell for gjennomføring av brannvernsamarbeid
Kommunestyret vedtok for sin del at det interkommmunale selskapet Sotra Brannvern IKS tek opp Øygarden kommune som ny deltakar og medeigar i selskapet. Namnet på det nye selskapet er Øygarden Brann & redning IKS.
Kommunestyra i dei tre kommunane vedtok i 2016 å etablera felles brann- og redningsvesen med namnet Sotra og Øygarden brannvesen IKS (IKS: interkommunale selskap). I saksutgreiinga skriv rådmannen at føresetnadene og behova er endra undervegs.
Den alternative modellen for samanslåing vil gje nøyaktig det same sluttresultatet. Denne modellen krev mindre arbeid og mindre ekstern hjelp. Sotra Brannvern IKS tek opp Øygarden som ein ny deltakarkommune og medeigar.
Arbeidsrettsleg vil dette medføra ei verksemdsoverdraging av dei tilsette i Øygarden Brannvesen. Marianne Sandahl Bjorøy og Lars Olav Hjartøy er føreslått som Fjell kommune sine representantar i representantskapet. Ernst Einarsen er føreslått som vararepresentant for Sandahl Bjorøy, medan Odd Bjarne Skogestad er innstilt som vara for Hjartøy.
Branndokumentasjon for Øygarden brann & redning
Det låg føre framlegg til branndokumentasjon for Øygarden brann og redning. Kommunestyret tok Branndokumentasjon 2017 til orientering. Etter framlegg frå Henning Ekerhovd i Ap. vart det samrøystes vedteke nokre tilleggspunkt som representantskapet vart bede om å leggja til grunn følgjande den vidare behandlinga. Det gjaldt mellom anna at det må utarbeidast eit oversyn over tiltak i føreslått branndokumentasjon som går utover dagens dimensjonering. Tiltaka må kostnadsbereknast og tidfestast. Dersom tiltaka fører til auka rammer for drift og investering skal dette godkjennast i eigarkommunanes årlige budsjett.
Justering av delegasjonsreglementet
Kommunestyret slutta seg til alle endringsforslaga frå rådmannen når det gjeld delegasjonsreglementet. Eitt av punkta vart vedteke med knapt fleirtal (18 av 35 røyster). I det vedtekne punktet heiter det at kommunestyret delegerer myndigheit til formannskapet om å gjera vedtak om oreigning til gjennomføring av reguleringsplan. Mindretalet på 17 representantar støtta eit forslag frå Frp om at myndigheita til å gjera vedtak om oreigning skal liggja hjå kommunestyret. Mindretalet var samansett av Sotralista, FrP, KrF, SV, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Sp. Dette framlegget førte til ein engasjert debatt på kommunestyret i dag.
Svein Bergh i Sotralista var imot å delegera myndigheit til formannskapet om å gjera vedtak om oreigning.
Nytt hamneselskap
Kommunestyret vedtok at Fjell kommune for sin del godkjenner at det vert etablert eit interkommunalt selskap med namnet Bergen og Omland Havn IKS. I november 2016 vart det nye regionale hamneselskapet Bergen og Omland Havn AS stifta av dei 11 kommunane som tidlegare utgjorde Bergen og Omland havnevesen. I løpet av arbeidet med det nye selskapet vart det klart at det er nødvendig å etablera eit selskap med anna selskapsform enn aksjeselskap, til dømes eit interkommunalt selskap, for å behandla lovpålagte oppgåver etter hamne- og farvannslova. Denne saka byggjer på ei sak utarbeidd av Bergen kommune der det vert føreslått å etablera eit interkommunalt selskap for å ivareta dei lovpålagte oppgåvene.
Utgreiing om heiltidsstillingar i Fjell kommune
Kommunestyret tok ei saka til orientering og gjer rådmannen fullmakt til å arbeida med skisserte tiltak for å koma nærare målet om ein heiltidskultur. I tillegg understrekar komiten at det er viktig at arbeidet med ein heiltidskultur held fram.
Andre saker i kommunestyret den 28. september
- Søknad om endring av salsløyve for alkohol, Matvareexpressen
Søkjaren fekk godkjent søknad om endring av utleveringsstad for nettsalsløyvet. - Søknad om fritak frå politiske verv (Høgre), suppleringsval
Representanten Karsten Sprenger (H) fekk fritak frå alle dei politiske verva sine i Fjell pga. flytting. Det vart gjort suppleringsval.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endret: 28.09.2017