Facebook ikon Twitter logo Print side

Skålevikelevar fekk overlevert pengepremie

Det var stor stas ved skulestart på Skålevik skule i dag då femte klasse fekk overlevert ein sjekk på 10 tusen kroner. I samband med undersøkinga om levekår og barnefattigdom hausten 2016, vart det trekt ut eitt klassetrinn på ein av skulane som skulle få ein «synleg takk» for deltakinga.

Amanda Normann og Sivert Hansen Andersen gler seg over pengepremien. I midten står Odd Bjarne Skogestad.
Amanda Normann og Sivert Hansen Andersen og resten av klassen gler seg over pengepremien. I midten (bak) står Odd Bjarne Skogestad.

Det var leiar av det politiske barnefattigdomsutvalet i Fjell kommune, Odd Bjarne Skogestad (KrF), som fekk den takknemlege oppgåva med å overlevera sjekken.

- Ved denne undersøkinga har vi prøvd å finna ut korleis folk lever i Fjell kommune. Det er nokre som ikkje har det så bra, og vi ønskjer å finna ut korleis vi kan hjelpa desse. På den måten kan også dei få det godt i Fjell. Ein av klassane skulle få ein pengepremie, og difor er vi her i dag, sa Skogestad til elevane.

Kva kan pengane brukast til?

Elevane har allereie gjort seg opp nokre tankar om kva pengepremien kan nyttast til.

- Vi har tenkt å gje pengane til gode formål. I tillegg kan vi ta ein tur til klatreparken, sa Camilla.

- Det var flotte forslag. Det viser at de både tenkjer på andre og at det kan gjera noko saman alle kan vera med på, sa Odd Bjarne.

- Kva har de tenkt å gjera med undersøkinga, ville ein av elevane ha svar på.

- Når vi ha fått inn alle resultata, skal vi setja oss godt inn i dei og finna ut kva vi kan gjera for dei som ikkje har det så godt. Vi vil laga ei liste over ting vi kan gjera, sa politikaren som var overraska over at det var såpass mange i Fjell som har behov for støtte.

Ein av elevane meinte at det kan gjevast pengar til dei som ikkje har råd til å bruka pengar på fritidsaktivitetar. Ein annan elev føreslo at det vert gjennomført gratisarrangement som alle kan vera med på.

Det kom også spørsmål om korleis det kan rettast hjelp mot dei som har særlege behov når undersøkinga er anonym. Odd Bjarne Skogstad sa at det ikkje var så lett så svara på dette og dei andre gode spørsmåla som kom frå elevane. Han gav også uttrykk for at han var imponert over kva tankar dei har om bruken av pengepremien til klassen.

Glade femteklassingar; Alvilde Algrøy, Amanda Normann og Vanessa Karlsen Skjellevik.
Glade femteklassingar; Alvilde Algrøy, Amanda Normann og Vanessa Karlsen Skjellevik

Den skulebaserte undersøkinga vart gjennomført hausten 2016 i kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy for elevane i femte til tiande klasse og deira føresette. I Askøy vart undersøkinga gjennomført for femte til sjuande årstrinn. Målet er at undersøkinga skal gje kunnskap om korleis barn og unge i kommunane har det. Undersøkinga vil visa samanhengen mellom barna sine oppvekstvilkår og helse, utvikling og deltaking på sosiale arenaer. På grunnlag av dette kan det gjennomførast tiltak som gjev eit betre tilbod til barn og unge i kommunane.

Les meir om opplegget for undersøkinga her.

Her er fleire bilete frå markeringa i dag:



Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 

 

 

 


Publisert: 23.05.2017 10:40
Sist endret: 23.05.2017 10:58