Facebook ikon Twitter logo Print side

Skreiv under avtale direkte på skjermen

Det var neppe nokon sensasjon at underteikninga på avtalen om regionalt samarbeid om digitalisering vart gjort på ein litt «annan» måte enn vanleg. I dag skreiv 10 ordførarar frå bergensregionen under på ein avtale om samordna regional digitalisering under ei markering på det nyopna innovasjonssenteret til Bergen kommune i Rosenkrantzgate i Bergen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy skriv under kontrakten på skjermen.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy skriv under kontrakten på skjermen.

Med spesialpenn skreiv eín og eín ordførar under på avtalen, og byråd for finans, innovasjon og eiendom i Bergen kommune, Dag Inge Ulstein, forsikra om at heile dokumentet med underskrifter vart trygt lagra og kunne reknast som godkjent.

No har alle dei 33 kommunane i Hordaland stadfesta at dei vert med i det regionale samarbeidet vidare. I dag var det dei 10 kommunane som har vore med i prosjektet det første året som skreiv under.

Direktør for digitalisering og innovasjon i Bergen kommune, Kjetil Århus, har vore sentral i dette regionale digitale samarbeidet. Han har hatt med seg ei styringsgruppe samansett av sju rådmenn.

- Det har vore krevjande nok med sju rådmenn i styringsgruppa, sa ein lattermild Århus og meinte det ville vera i meste laget å ha med 33 rådmann med i ei styringsgruppe. Han understreka fleire gonger at det er stor kompetanse i kommunane og som vil verta brukt i det vidare arbeidet. Han viste også til digitaliseringsverktøy som allereie er i bruk, som til dømes Digihelse, NAV og verktøy i regi av KS.

Betre tenester og meir sjølvbetjening

Formålet med samarbeidet er å sikra tenester som gjev raskare saksbehandlingstid, betre kvalitet i tenestene og auka grad av sjølvbetjening. Dette skal gje kvalitative innbyggjareffektar, meir effektiv tenesteproduksjon og betre ressursutnytting. Ansvaret for å realisera gevinstane ligg i den enkelte kommune.

Kjetil Århus
Kjetil Århus

Det regonale samarbeidet er forankra og økonomisk støtta av KS og kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ordførar i Os, Marie Bruarøy, sparte ikkje på å gje ros til Bergen kommune som plogspissen i dette arbeidet.

- Tusen takk til Bergen kommune ved Kjetil Århus og Robert Rastad (kommunaldirektør). Det er kult at Hordaland er samla med å rulla ut desse plattformene som vi skal verta ein del av, sa Bruarøy.

Også rådmann i Os, Christian Fotland, gav ros til Bergen kommune for å invitera med kommunane i dette arbeidet. Sjølv om det vanka mykje ros til Bergen kommune, var både Århus, Rastad og Ulstein tydelege på at dette er eit samarbeid der deltakarkommunane sit inne med mykje kompetanse som vil styrkja prosjektet i det vidare arbeidet.

Mykje godtfolk var samla i Bergen i dag. Fleire av rådmennene var på plass. Frå KS møtte Inger Østensjø som fram til no har vor digitaliseringsdirektør i KS som er ein interesseorganisasjonen for kommunane. Også statssekretær Paul Chaffey og Ole Berrefjord frå Fylkesmannen var på plass på markeringa. I tillegg til dei tre ordførarane frå regionen, var konstituert rådmann i Fjell, Lillian Torsvik, og prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul J. Manger til stades.

Dei kommunane som har vore med det første året er Bergen, Os, Fusa, Fjell, Sund, Øygarden, Askøy, Lindås, Radøy og Meland.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa i dag:

 

 


Publisert: 16.03.2018 17:15
Sist endret: 16.03.2018 17:19