Facebook ikon Twitter logo Print side

Skulebygg på Knappskog kan verta husvære

Planane for å gjera om Knappskog gamle skule til leilegheitsbygg er no klare for sluttbehandling. Rådmannen går inn for at framlegget til detaljregulering vert godkjent med dei endringane som går fram av saksutgreiinga. Saka vert endeleg behandla i kommunestyret, men skal først opp i komité for plan og utvikling (KPU) den 4. april .

Knappskoge gamle skule, foto: Multiconsult
Knappskoge gamle skule, foto: Multiconsult

Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av 30 bustadeiningar med parkering og uteareal på den gamle skuletomta på Knappskog. I tillegg vert standarden på vegen Hedlo utbetra med fortau og snuhammar (snuplass).

Planarbeidet starta i 2013 og har teke noko tid. Det er kome inn 13 merknader frå naboar og andre interessentar. Merknadene går i hovudsak på at bygget med sine fire og fem etasjar står fram som eit ruvande og lite landskapstilpassa framandelement i omgjevnadene. Med bakgrunn i merknadene frå både Hordaland fylkeskommune og naboar som gjeld høgda på bygget, går rådmannen inn for at maksimal mønehøgde vert seinka til kote 21.

Andre saker i KPU den 4. april

  • Søknad om mindre endring av detaljreguleringsplan for Karihilderen, Knappskog
  • Seks klagesaker

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Før behandlinga av sakene tek til, vert det informasjon om flystøy, Angeltveit Vest (reguleringsendring/klagesak), Plansmia Ågotnes og planane for Brandalsåsen.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Den 4. april er det også møte i komité for drift og forvaltning.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 30.03.2017 15:02
Sist endret: 30.03.2017 15:06