Facebook ikon Twitter logo Print side

Skulemosjonsløp på Knappskog skule

Fredag 12. april arrangerer Knappskog skule eit skulemosjonsløp der hovudføremålet er å samle inn pengar til barnekreftforeninga.

Knappskog skule. Foto: Monica Hovland
Knapskog skule. Foto: Monica Hovland.

Vidare ønskjer skulen å retta eit fokus mot barn som lever med sjukdom samstundes som vi synleggjer overfor elevane kor viktig det er å halda seg i god fysisk aktivitet for å førebyggja sjukdom. Skulen har rigga løpet med to ulike rundløyper der elevane kan velja ein av desse til sitt personlege løp. Elevane spring så i rundløypa og foreldre, besteforeldre e.a. kan sponsa varnet sitt med eit valt beløp for kvar runde han/ho spring. Les meir her.

Skulen har i tillegg vore heldig å få til ein avtale med Sartor Holding som sponsar elevane med eit tilleggsbeløp for kvar runde som vert sprunge. Hans Jarle Einarsen frå Sartor Storsenter vil vera til stades for å springa skulemosjonsløpet som ein del av dei maratonløpa han skal springa dette året.

Hans Jarle har eit mål om å springa sju maraton innan han vert 50 år 10. november 2019. Då har han til saman sprunge 20 maraton, sidan sitt første i 2009. Det er utruleg imponerande, og vi håpar Hans Jarle kan verta ein viktig motivator for elevane under løpet på fredag.

Elevar på Knappskog skule
Elevar på Knappskog skule

Hans Jarle har eit stort engasjement for kreftsaka og bakgrunnen for engasjementet var at han oppfordra bedrifter i Vest Næringsråd om å bidra til årets Bedriftsstafett til inntekt for Krafttak mot kreft. Målet var å passera 500 000 kroner, noko dei gjorde med glans!

Knappskog skule vil gjerne bidra inn i dette viktige arbeidet, og håpar på stort engasjement frå foreldre, lærerar og andre som er interesserte i å koma.

Odd Erik Kjeldstad
rektor


Sist endret: 09.04.2019