Facebook ikon Twitter logo Print side

Slik jobbar vi med bokprosjektet i Svingen barnehage

I kvardagen les vi ofte under måltidet. Vår innstilling er at leseaktiviteten skal vera lystbetont og gi leselyst hos barna samtidig som han skal styrkja språket deira. Det betyr i praksis at vi kan bruka mykje tid på å studera ei side eller gjenstand i boka over lang tid.

Illustrasjon

Målet er å ta fram boka, skapa forventning hos barna og sjå kva som skjer, kva er barna interesserte i og kva kan eg som vaksen gjera for å skapa interesse for boka.

I dette barnehageåret har vi hatt eit bokprosjekt frå august til apri. Vi valde ei hovudbok på ei avdeling for 2 og 3-åringar. Vi valde «Den lille larven aldrimett». Denne boka har gjentakande bilete og tekst. Med denne boka tenkte vi at vi kunne gi alle barna på avdelinga eit utbyte av å bruka ho utan omsyn til kvar dei var i språktviklinga si. Alle i teamet var med på å velja boka fordi i eit slikt prosjekt må alle vera motiverte for å jobba med boka over lang tid. Vi har lest i boka omtrent kvar dag og har under heile året aktivt brukt; medlesing, lesestopp og medverknad frå barna. Vi har filosofert om innhaldet i boka og studert detaljar som har vore interessante for gruppen.

Aukar den språklege kompetansen

Barnegruppa er samansett, og barna har ulikt utgangspunkt for å forstå og delta i leseaktiviteten, dette er likevel ein god plass å skapa seg ei oversikt over kva barna forstår og meistrar med tanke på språk. Derfor er også leseaktiviteten den plassen vi kan auka barnas språklege kompetanse ved at vi legg til rette for kvart enkelt barn. Eksempel: Eg veit at eit barn nettopp har lært seg ordet «larven». Då inviterer eg han spesielt til å delta når biletet av larven er på den sida vi har oppe.

Leseaktiviteten hos oss gir barna meistring og aukar ordforrådet til barna, forståing og leselyst. På avdelinga etterspør barna at ein vaksen les bok.

Eg meiner at språkløyper gir kunnskap til personalet og gjer det meir spennande å ta fram ei bok og gjennomføra aktiviteten, den vaksne må engasjera seg i leseaktiviteten, og det er lettare å gjera når ein har verktøy å bruke.
Målet med å ha leseaktiviteter er at barna og personalet skal ha ei positiv oppleving saman og at vi skal bruka språket vårt saman.

Ingri Glastad
Ingrid Glastad

Aktivitetar vi har gjort:

  • Lest same bok om igjen mange gonger, fram og tilbake, utsida osv.
  • Studert bilete som barna er interesserte i (lesestopp). Eksempel; larven får vondt i magen
  • Undra oss med barna om det som skal skje eller skjer i boka
  • Brukt boka i temaarbeid; «Kunst og kultur» « tal, rom og form» og « natur, miljø og teknikk.»
  • Boka er synleg på avdelinga
  • Vi har laminert alle sidene i boka og hatt dei på veggen for å snakke om dei
  • Samlingsstund med konkretar
  • Leik med konkretar til boka
  • Fargelegging av larven
  • Laga bilete av larven med sirklar
  • Laga ein uro med fortellinga ( sjå under)
  • Barna får medverke undervegs i leseaktiviteten
  • Vi har dramatisert boka
  • Dikt om «Den lille larven»

Tekst: Ingri Glastad


Sist endret: 16.08.2019