Facebook ikon Twitter logo Print side

Sluttbehandlar sak om forbod mot fyrverkeri

Kommunestyret skal på møtet den 30. november ta stilling til om det skal innførast forbod mot fyrverkeri i delar av Fjell kommune.

Foto: : Pixabay
Foto: : Pixabay

Formannskapet har innstilt på at det vert vedteke lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri. I framlegget til forskrift står det at forskrifta regulerer all bruk av fyrverkeri innanfor oppgjevne område på privat og offentleg stad. Formålet med forskrifta er å førebyggja risikoen for skade på liv, helse, miljø eller materielle verdiar. Rådmannen skriv i vurderinga at eit offentleg fyrverkeri på Straume ved Sartor Storsenter vil vera eit godt alternativ til privat oppskyting av rakettar i dette området. Dette kan finansierast som eit spleiselag mellom næringslivet og Fjell kommune.

Andre saker i kommunestyret den 30. november:

  • Detaljreguleringsplan ROP- huset, Søre Bildøy (ROP: Rus- og psykiske lidingar)
  • Økonomisk årsprognose 2017
  • Oppmoding i frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om Fjell kommune kan usetje 10 einslege mindreårige flyktningar i 2017
  • Val av medlemer til styret i stiftinga Fjell festning

Møtet startar med orientering om Kystsogevekene og det sjette bandet av bygdebokserien for Fjell.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

 


Publisert: 24.11.2017 13:59
Sist endret: 24.11.2017 14:04