Facebook ikon Twitter logo Print side

Sluttbehandling av plan for Knappskog gamle skule

Det er klart for sluttbehandling av detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule. Formålet er å leggja til rette for 30 bustadeiningar med leilegheitsbygg med parkering og uteareal på den gamle skuletomta på Knappskog. Komité for plan og utvikling (KPU) behandlar saka tysdag den 6. juni.

Illustrasjon
Planforslaget sett frå sjøen frå aust med framtidig bygg. Skisse: Multiconsult.

Planarbeidet har drege ut i tid av fleire årsaker. Naboar og andre interessentar har reagert på at bygga med sine fire og fem etasjar står fram som eit ruvande og lite landskapstilpassa framandelement i området. På bakgrunn av merknadene er det tilrådd å redusera byggjehøgda for delar av bustadkomplekset frå kote 24 til 21.

KPU utsette saka i møtet i april og vedtok å gjennomføra synfaring før saka vert sluttbehandla. Rådmannen går inn for at planen vert godkjent med dei innarbeidde endringane som går fram av saka.

Førespurnader om regulering

Vacuri AS har kome med førespurnad om å få starta opp med områderegulering for Vindenes. Formålet er ei større bustadbygging på Vindenes som legg til grunn endring av overordna plan. Rådmannen går imot å gje løyve til start av områderegulering for området.

Det er også kome førespurnad om å få starta arbeid med detaljplan for varehandel til plasskrevjande vare- og detaljhandel. Døme på varehandel er verksemder som Jula, Biltema, Plantasjen, Bauhaus og Ikea. Rådmannen vil ikkje rå til at det vert gjeve løyve til dette. Dette vert grunngjeve med at meir bilbasert handel ikkje vil vera med å byggja opp under målet om å utvikla eit attraktivt regionsenter for å bu, arbeida og opphalda seg i.

Interkommunal kommuneplan

I samband med planprogrammet for interkommunale kommunedelplan for Skogsskiftet, har planutvalet i Sund vedteke eit tilleggspunkt i høyringsdokumentet. Det er føreslått følgjande tillegg: Tilrettelegging av idretts- og kulturfasilitetar skal verte vurdert i planen. Rådmannen går inn for at KPU vedtek eit likelydande tilleggspunkt.

KPU skal behandla seks klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Ved starten av møtet vert det orienteringar om flystøy, plansmia Ågotnes, kloakksak på Misje, planar for fv 555 Kolltveit-Austefjorden og parkering ved Knappskog gamle skule.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Teskst:Vigleik Brekke


Publisert: 31.05.2017 09:28
Sist endret: 31.05.2017 09:33