Facebook ikon Twitter logo Print side

Sluttbehandling for plan for Geitvika friluftsområde

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 17. januar ta stilling til detaljreguleringsplanen for Geitvika friluftsområde. Rådmannen går inn for å godkjenna planen. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret.

Bilete frå Geitvika. Foto: Dig Plan AS
Bilete frå Geitvika. Foto: Dig Plan AS


Formålet med planen er å opparbeida eit friluftsområde med badevik for allmenta. I tillegg er det i planen inn eit kontorbygg som også vil fungera som eit servicebygg for badevika med toalett og parkering.

Etter at planen låg ute til offentleg ettersyn, kom det inn motsegn frå Fylkesmannen og Norges vassdrags- og energiverk (NVE). Fylkesmannen meinte at eit kontorbygg i området, var i strid med kommunedelplanen for Straume. Etter fleire møte har Fylkesmannen akseptert  at kontorbygget vert ein del av planen dersom høgda på bygget vert seinka med ein etasje. NVE grunngav si motsegn med potensiell skredfare i området ikkje var tilstrekkeleg utgreidd.

Etter kartlegging av skredfaren, har motsegna frå NVE falle bort. På bakgrunn av at motsegnene til Fylkesmannen og NVE er avklart/trekt, kan kommunen eigengodkjenna planen.  

Plan for Angeltveitvegen

KPU skal også gje innstilling til plan for Angeltveitvegen. Planområdet er på 20 dekar og legg til rette for bygging av totalt 50 bustadeiningar. Einingane er i form av einebustader og konsentrerte bustader med infrastruktur, felles grøntareal og leikeplass.

Andre saker i KPU den 17. januar

  • Detaljreguleringsplan for Nordre Helleren, Solsvika
  • Mindre endring av reguleringsplan for (Straume, Ebbesvik)
  • Organisering av arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litlesotra
  • Førespurnad om reguleringsplan, Skålvika
  • Krav om dekking av sakskostnader i samband med klagesak
  • 10 klagesaker

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

På tysdag er det også møte i komité for drift og forvaltning. Les meir her.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 12.01.2017 12:33
Sist endret: 12.01.2017 12:36