Facebook ikon Twitter logo Print side

Sluttbehandling for sak om kjøp av Vestnytt-bygget

Kommunestyret skal på møtet den 18. mai ta stilling til om kommunen skal kjøpa kontorbygget til Vestnytt i Skjenet 2 på Straume. Komité for drift og forvaltning gjekk i april inn for at kommunen kjøper bygget, men at rådmannen skulle leggja fram supplerande informasjon før behandlinga i kommunestyret.



I eit tilleggsnotat til kommunestyret har rådmannen synleggjort behovet for meir kontorareal. Han viser til at det var eigarane av Skjenet 2 som tok kontakt med kommunen om eventuell overtaking. Dermed hadde ikkje kommunen konkrete planar for bruk av bygget.

Rådmannen skriv i notatet at det likevel er eit faktum at det er mangel på kontorplasser og at det er trong for samlokalisering av enkelte tenester. Dette gjev auka effektivitet og betre utnytting av tverrfagleg kompetanse. I notatet er det presentert døme på avdelingar/einingar som har behov for kontorareal og oversyn over lokale i Straume-området som kommunen leiger.

Andre saker i kommunestyret den 18. mai

  • Godkjenning av innkalling, saksliste og møtebok
  • Generalforsamling i Fjell vatn, avløp og renovasjon AS, førehandsdrøfting i
    kommunestyret
  • Årsmelding og rekneskap 2016
  • Offentleg vass- og avlaupsnett, retningsliner for dispensasjon frå krav om tvungen tilknyting
  • Overføring av tomteareal til turnhall på Straume, Sotra Sportsklubb
  • Forskrift om kriterium for tildeling av langtidsopphald i institusjon eller
    tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns teneste
  • Sykkelbyavtale for FjellOmval av kandidatar til styret i Sotra og Øygarden Brannvesen

Ved starten av møtet vert det orientering om Sykkel-VM og gebyrregulativet.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Estima Vest


Publisert: 12.05.2017 13:56
Sist endret: 12.05.2017 14:00