Facebook ikon Twitter logo Print side

Søk om startlån og bustadtilskot til etablering og tilpassing

Fjell kommune har mottatt årets løyving av startlån og tilskot til vidaretildeling.

Søk om startlån og bustadtilskot til etablering og tilpassing

Fjell kommune har mottatt årets løyving av startlån og tilskot til vidaretildeling. 

Startlån

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån er behovsprøvd og det stillast krav til at lånesøkjar har langvarige utfordringar med å finansiera kjøp av eigen bustad. Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe for låneordninga. Det er ei føresetnad at lånesøkjar har nytta moglegheita til å spare innanfor dei økonomiske rammene deira aktuelle inntekter og utgifter til livsopphald gjer.

Meir informasjon om startlån

Tilskot

Tilskot til etablering og tilpassing skal bidra til å skaffe og sikre eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskot til etablering kan gis til oppføring av bustad, kjøp og refinansiering. Mens tilskot til tilpassing skal bidra til å gjere bustaden betre eigna til å i vare ta behova for personar med nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behov for tilskot vert vurdert ut frå husstandens økonomiske situasjon.

Tilskot gis til husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Meir informasjon om tilskot til etablering | Meir informasjon om tilskot til tilpassing


Sist endret: 02.04.2019
Bustadkontoret

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55 09 60 00