Facebook ikon Twitter logo Print side

Sommarfest for frivillige – velfortent pust i bakken

Fredag 21. juni vart det stelt i stand til konsert i kultursalen i Fjell rådhus. Med musikk, koldtbord og kake vart dei frivillige takka for innsatsen. På denne dagen skulle dei frivillige få sitja i ro og kosa seg. Det var mange høgdepunkt i løpet av kvelden, men det var Rusty & Red som sørgs for at festen tok av.

Rusty & Red
Rusty & Red

Vanlegvis er det dei frivillige som steller i stand til fest for andre, men denne kvelden var det motsett. Nokre frivillige dukka tidleg opp og spurde om det var noko dei kunne gjera. Svaret var nei. Seniorkameratane slapp likevel ikkje unna, og spela i kjent stil medan kultursalen vart fylt opp av feststemte frivillige.

Dagleg leiar for Fjell frivillig sentral, Stine Sanden, opna med å seia litt om kva som hadde skjedd sidan sist sommarfest, og stadfesta som mange hadde tenkt, at dette var den siste frivilligfesten i regi av Fjell frivilligsentral. Litt vemodig er det, men sameleis også ein moglegheit til å veksa seg større og til å gjera meir for og saman med fleire?

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viste i sin takketale at ho følgjer godt med på kva som skjer i det frivillige terrenget i Fjell. Ho viste at ho kan mykje om frivilligheit og kva det betyr for innbyggjarane. Ho takka alle.

- Kommunen treng dykk og ser kva de gje. Vi vil ikkje vera ein einaste forutan!».

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Då Helge Nilsen skulle ha ordet måtte han ha litt musikk for å understreka poenget: «We are the Champions» dura frå høgtalarane:

- De er de som er vinnarane! Det er de som gjer innhald og fyller dagane med meining for veldig mange menneske. De betyr mykje for andr. Nokre gonger kan dette bety alt for eit anna menneske. Det er de som er der ute og faktisk gjer ord til handling, sa Nilsen Han veit korleis han skal få «stemninga i garderoben» opp.

Helge Nilsen
Helge Nilsen

Etter pep-talken var det på tide med ein pause for å fordøya både bodskap, kloke ord og litt kake før Rusty og Red slapp til. Mange kjenner gitaristen Rusty (Johnny Paulsen frå Morland) og Red (vokalisten Jane O´Farrell frå Foldnes). Dei har begge lang erfaring frå musikkbransjen, men satsar no for fullt under det sjølvforklarande namnet Rusty & Red. Dei trefte blink i forsamlinga med sin fantastisk flotte kombinasjon av gitarspel og klokkeklare vokal på særs høgt nivå.

Vi er glade og takknemlege for at dei tok seg tid til å spela på frivilligfesten, for vi trur at hausten vil verta fullbooka ganske så fort.

Tekst og foto: Unni Sørensen

Her er litt av det Rusty & Red framførte:

• «Angel From Montgomery» av John Prine
• "Something To Talk About» og «I Will Not Be Broken» av Bonnie Raitt
• «Love Is Strange» og «Stay» av Jackson Browne
• «Kisses Sweeter Than Wine» av The Weavers
• «Down In The Boondocks» av Ry Cooder
• «El Rayo X» av David Lindley
• «Time After Time» av Cyndi Lauper

Her er fleire bilete frå sommarfesten:

SeniorkamerateneStine Sanden 


Sist endret: 24.06.2019