Facebook ikon Twitter logo Print side

Sommarfest for frivillige

Nærare 50 personar trassa ein etter måten kald nordavind torsdag kveld då det var invitert til sommarfest for frivillige. Med servering og god musikalsk underhaldning ved Hege Turøy såg det ut til at dei frammøtte koste seg.

Eit teppe kjem godt med i nordavinden.
Eit teppe kjem godt med i nordavinden.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kom med oppmuntrande ord til dei som hadde funne vegen til Straumeparken ved Sotra arena.

- Når eg møter dykk i samanhengar som dette, ser eg mange frivillige som kjem tilbake gang etter gang. Noreg er heilt avhengig av frivillige. De som er her, gjer ein heilt spesiell innsats for eldre og andre. Dette er ein verdi vi må ta vare på, sa ordføraren som meinte at deltakarane på sommarfesten ville tatt seg eit bad i vatnet denne kvelden om temperaturen hadde vore like høg som for 14 dagar sidan. Denne kvelden var det berre måsane som vassa i strandkanten.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Ordføraren var oppteken av at det frivillige arbeidet skal ha høg status og at dei som engasjerer seg i dette må seia frå dersom dei ikkje opplever å verta høyrt.

Eit dusin måsar var også på plass på sommarfesten torsdag kveld, men ifølgje frivilligkoordinator Unni Sørensen var dei heilt stille medan Hege Turøy song. Unni Sørensen styrte det heile saman med dagleg leiar i Fjell frivilligsentral, Stine Sanden.

- Måsen har altså vore stille medan Hege song, men ikkje no lenger, høyrer eg. Eg tar signala, sa ordføraren og ønskte alle dei frivillige medarbeidarane ein god sommar.

Hege Turøy
Hege Turøy

Åshild Bårdsen er ein av mange frivillige medarbeidarar i Fjell.

- Tidlegare har eg vore engasjert i besøkstenesta i regi av Raudekrossen. Eg er framleis med som frivillig og går på tur med dei eldre på Fjell sjukeheim og Straume- bu og servicesenter. Vi har også sangstunder for dei på eldre der. Vi merkar at dei er glade når me kjem. Dette er kjekt og gjev oss mykje tilbake seier Bårdsen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå sommarfesten:


Publisert: 21.06.2018 21:57
Sist endret: 21.06.2018 22:15