Facebook ikon Twitter logo Print side

Sotrasambandet: Borer hol ned til kabeltunnelane

Arbeidet med kablinga av høgspentlinjene mellom Breivik i Bergen og Litlesotra er godt i gang. Det vert no bore 10 meter djupe hol ned til kabeltunnelane for rv Sotrasambandet.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Gunnar Gjæringen ved anleggsområdet i Breivik. Foto: Geir Brekke.
Byggjeleiar i Statens vegvesen, Gunnar Gjæringen ved anleggsområdet i Breivik. Foto: Geir Brekke

Statens vegvesen skriv på vegvesen.no at dei ni høgspentkabalane skal skøytast saman på fire punkt mellom Breivik og trafostasjonen på Litlesotra. Drivinga av kabeltunnelane er kome litt under halvvegs på vestsida av sundet. Arbeidet på Litlesotra er også godt i gang, der kabeltunnelen skal drivast over 1,9 kilometer mellom Knarrvika og trafostasjonen




Sist endret: 18.02.2019