Facebook ikon Twitter logo Print side

Sotrasambandet klar for sluttbehandling i Stortinget

Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget gav i går kveld innstillinga for bompengeprosjektet riksveg 555 Sotrasambandet.

Illustrasjon: Statens vegvesen
Illustrasjon: Statens vegvesen

I innstillinga går det fram at Samferdsledepartementet kan inngå ein OPS-kontorakt (OPS:Offentleg Privat Samarbeid) for prosjektet og gjennomføra prosjektet i regi av Statens vegvesen. Ramma for prosjektet er 10,5 milliardar kroner. I innstillinga går det også fram at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering.

I proposisjonen er det lagt opp til ei nedbetalingstid på 20 år. Bompengetaksten for personbil vert 50 kroner kvar veg. Innkrevjinga vert gjort på ny og eksisterande bru.

Mindretalet , samansett av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV går inn for at prosjektet vert gjennomført som eit ordinært vegbyggingsprosjekt i regi av Statens vegvesen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gler seg over at innstillinga no er gjeve og at Stortinget i plenum kan klubba saka tysdag i neste veke. Fleire frå leiinga i Fjell kommune og involverte i prosjektet vert til stades som tilhøyrarar den dagen.

- Det viktigaste no er at bompengeprosjektet vert godkjent av Stortinget. Etter mi oppfatning er det ikkje optimalt å gjennomføra dette som eit OPS-prosjekt, men vi må forholda oss til det regjeringa har lagt opp til, seier Marianne Sandahl Bjorøy som ser fram til at prosjektet kan gå ut på anbod etter sommarferien.

Les innstillinga frå komitéen her.

Fakta om prosjektet

Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fylkesveg 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fylkesveg 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru med separat gang- og sykkelveg. Brua blir om lag 950 meter lang, med eit hovudspenn på om lag 590 meter. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet.

Totalt er det planlagt å byggja om lag 14 km gang- og sykkelvegar, med 7,8 km som høgstandard-løysing med skilje mellom syklande og gåande. Kollektivtrafikken vil gå saman med annan trafikk mellom Kolltveit og Bildøyna, på opprusta lokalveg mellom Bildøyna og Straume, og på separat bussveg/kollektivfelt frå Straume til Valen. Det blir lagt til rette for kollektivfelt langs ny hovudveg i retning Bergen på delar av strekninga mellom Valen og Storavatnet. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.

Prosjektet er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Den nye brua kjem i same trasé som der høgspentlinja over fjorden mellom Bergen og Fjell går i dag. Før ein kan byggja ny bru til Sotra, må denne høgspentlinja flyttast.
Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar både ved ny og eksisterande bru. Bompengeinnkrevjinga vil halda fram i 20 år og startar når brua opnar.

Truleg vert anleggstart på OPS-delen av prosjektet andre halvår 2020. (Kjelde til fakta:: Regjeringa.no)


Tekst : Vigleik Brekke

 


Publisert: 09.05.2018 12:00
Sist endret: 09.05.2018 12:04