Facebook ikon Twitter logo Print side

Spektakulært i havgapet

Publikum lot seg ikkje skræma av velkjent vestlandsvér då det vart invitert til gratis friluftskonsert på Algrøyna laurdag kveld.

Frå konserten i havgapet.

- Det var vått, men det dette var absolutt vellukka. Eg fekk ikkje tid til å telja sjølv, men det var nok eit par hundre menneske utanom kora som hadde funne vegen til Maggevikja, seier korentusiasten Leif Algerøy i Algrøy Bygdakor.  Ifølgje Algerøy var folk godt kledde for litt ruskavér. I tillegg til Algrøy Bygdakor, var Sund blandakor, Fjellkoret, Andreas Pareli og Martin Engelsen med og gjorde arrangementet til ei feststund i havgapet.
 
- Vert det meir av dette?

- Vert det opp det meg, vil eg gjerne at dette skal skje igjen. Men det er ikkje berre meg som har noko å seia til eit slikt spørsmål. Det er svært mykje arbeid som følgjer med ein konsert i havgapet, og mykje skal klaffa, seier Leif Algerøy.

Ifølgje ein av dei som hadde funne vegen ut på svaberga, var Hans Lauvik.

- Dette var utruleg triveleg. Det regna, men dette er no normalt «strilevér», og det nok tenkjast at vi hugsar denne konserten lengre og betre nettopp på grunn av véret, seier Lauvik.

Det var lagt godt til rette for publikum med merka løype på ein tre kvarter lang roleg gåtur ut til Maggevikja der konserten vart avvikla.

- For ein innbarka stril var det rørande og ei stor oppleving å høyra «Mellom bakkar og berg» framført med havet brusande rett bak koret. Eg vil gje all honnør til dei som stelte i stand dette. Måtte det verta arrangert fleire slike fantastiske konsertar i framtida, seier Hans Lauvik.


Sjå video her.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto og video: Hans Lauvik











 

 


Publisert: 18.06.2017 21:11
Sist endret: 18.06.2017 21:22