Facebook ikon Twitter logo Print side

Spennande utstillingar på Energimessa

Dronar, vindmøller og eit kar fylt med 800 liter vatn er noko av det du kan oppleva på Energimessa i år. Dei 14 utstillarane har altså litt av kvart å visa fram om du møter opp like ved XXL/Clas Olsson i andre etasje på Sartor Storsenter 16. og 17. mars.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Ingvild Vikingsen Skogestad på Knappskog skule og fylkesvaraordførar Pål Kårbø var på plass på Energimessa i fjor.
Irene Eide på Knappskog skule og fylkesvaraordførar Pål Kårbø var på plass på Energimessa i fjor.


Energimessa er eit samarbeid mellom det lokale næringslivet, Sotra vidaregåande skule og grunnskulane i regionen. Etter starten på Sotra vidaregåande skule i 2012, vart messa i fjor flytta til Sartor Storsenter.

- Vi har gode erfaringar med denne utstillinga. Her får elevane vist fram forskingsbaserte prosjekt der kreativitet og god samarbeidsevne er avgjerande for gode resultat. Elevarbeida vil fremja lokal kompetanse og arbeidskraft for framtida, seier pedagogisk IKT-konsulent hjå Skulesjefen, Andreas L. Nordeide.

Utstillarane kjem frå Sotra vidaregåande skule, tre ungdomsskular og Knappskog skule. Mellom mange spennande tema er hav som ressurs, energieffektiveffektiv matproduksjon, klima i matematikk, mikroplast i havet, friluftsliv - med naturen som klasserom, bruk av dronar i samfunnet og måling av luftmotstand.

- Og kortreist mat er heller ikkje å forakta. Sund ungdomsskule gjev oss smaksprøvar på marine produkt, seier Nordeide.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Odd-Erik Kjeldstad

 


Publisert: 14.03.2017 12:31
Sist endret: 14.03.2017 12:37