Facebook ikon Twitter logo Print side

Språkkommunen Fjell

Ved 4-årskontrollen på helsestasjonen får barnet eit gåvekort.



Språkstrategien til Fjell kommune er ein del av ein nasjonal strategi for satsing på språk, lesing og skriving. Kommunen vart vald ut av Utdanningsdirektoratet til å vera ein språkkommune i perioden 2017 – 2019. Det innebar at kommunen måtte laga ein strategi for språkarbeid frå barnet startar i barnehage til det er ferdig med vidaregåande skule. Tiltaka som er nytta i strategiarbeidet, er Språkløyper som er digitale kompetansehevingspakkar.

I starten inviterte arbeidsgruppa for satsinga til to dialogsamlingar med deltakarar frå ulike område som helsestasjon, barnehage, skule, bibliotek, PPT og representantar frå politikarane i Fjell kommune. Dei var med å utforma satsingsområda i strategien.

Formål

Formål med strategien er at barn skal kunna tileigna seg eit språk, uttrykke seg munnleg, lesa og skriva for å lukkast i samfunnet. Godt språk er avgjerande for leik, sosiale relasjonar, emosjonell og kognitiv utvikling og er grunnleggande for lese- og skriveutviklinga i skulen.

Overordna mål

For Fjell kommune er dei overordna måla at godt språkarbeid skal vera eit universelt tiltak for å gi alle barn god språkkompetanse for å sikra likeverd, redusere skilnader og auka livsmestring. Vi vil at ungdomane i Fjell skal fullføra vidaregåande skule og bli gode bidragsytarar i samfunnet. Innsatsområda i strategien er inkludering, tidleg innsats og gode overgangar.

Eitt av resultatmåla er å styrkja samarbeidet mellom helsestasjon og barnehage om språkutviklinga til barnet, mellom anna samarbeid om barn som har språklege utfordringar.
Ei av helsesjukepleiarane er også med og driftar språkløyper i barnehagane.

Samarbeid mellom arbeidsgruppa, helsestasjon og bibliotek

Biblioteket tok i etterkant av dialogsamlingane initiativ til eit samarbeid med helsestasjonen knytt til verdien av bøker og lesing for barn. Dei har jamleg levert kassar med bøker til utlån på helsestasjonen, og det er laga ei brosjyre retta mot foreldre med informasjon om god barnelitteratur, at det er viktig å lese for barn og at biblioteket kan gi god rettleiing til foreldre om dei kjem dit.

Dette er bakgrunnen for at biblioteket i samarbeid med arbeidsgruppa for språkkommunen ønska fokus på tidleg innsats når det gjeld lesing og god språkstimulering. Ved 4års-kontrollen på helsestasjonen får barnet eit gåvekort som dei kan veksla inn i si eiga bok på biblioteket. Boka heiter «Karsten og Petra på biblioteket». Formålet er at barn og foreldre skal bli kjende med det allsidige tilbodet på biblioteket.

Les meir her.

Irene Solem Hansen og Kjersti Sundal, Arbeidsgruppa språkkommunen Fjell

Her er fleire bilete:

 


Sist endret: 03.06.2019