Facebook ikon Twitter logo Print side

Språkløyper i overgangen frå barnehage til skule

Omtrent 100 skule- og barnehagefolk var i går samla i Kultursalen for å arbeide med Overgangspakken i Språkløyper.

Omtrent 100 skule- og barnehagefolk var i går samla i Kultursalen for å arbeide med Overgangspakken i Språkløyper.

Dette er ein del av ei større statleg satsing på språk, lesing og skriving gjennom heile utdanningsløpet. Overgangspakken skal gi kommunar kunnskap om korleis ein kan utvikle rutinar og system som ivaretek barna sitt språk, samt lese- og skriveutvikling i overgangen frå barnehage til skule. Det er planlagt 6 samlingar i løpet av året kring følgjande tema: Samarbeid, kultur, kartlegging og språkarbeid.

Tekst og foto: Anne Turid Våge


Publisert: 23.01.2018 14:20
Sist endret: 23.01.2018 14:22