Facebook ikon Twitter logo Print side

Språkutviklinga til fleirspråklege barn

Den 1. februar var det plandag for alle barnehagane i Fjell kommune. Nærare 400 barnehagetilsette deltok på eit engasjerande og lærerikt foredrag om språkutviklinga til fleirspråklege barn.

Frå møtet den 1. februar
Frå møtet 1. februar

Barnehagesjef Margun Landro opna med å understreka at det har mykje å seia at ein har eit godt og systematisk språkarbeid i barnehagane. Ho viste til språksatsinga til barnehagesektoren og at vi i samarbeid med Utdanningsdirektoratet var språkkommune i 2018.

Forelesar

Dagens forelesar var Irmelin Kjelaas, førsteamanuensis i norsk ved NTNU. Ho har forska på korleis barn og unge lærer norsk som andrespråk og teke del i utarbeiding av Språkløyper ( nasjonale kompetansehevingspakkar som barnehagane nytter). Ho delte historier og refleksjon og skapte mykje ettertanke.

Den heilskaplege livssituasjonen til barna

Irmelin Kjelaas sa blant anna at vi må sjå språkutvikling i samanheng med barna sin heilskaplege livssituasjon. Ho meiner at det er ein tendens til å setja fokus på kultur framfor å sjå på generelle livsvilkår som sosialøkonomiske forhold, det å leva i eksil og nettverket til familien. Det vart vidare presisert at fleirspråklege familiar er ei svært samansett gruppe, og at barnehagen skal nytta mangfaldet som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet.

Stimulering av ord - omgrepskompetanse hjå fleirspråklege førskulebarn

Frå møtet

Å styrkja ord - og omgrepskompetansen til barna er det viktigaste språkområdet å stimulere i barnehagen. Det er ein klar samanheng mellom barna sitt ordforråd i førskulealder og barnet si seinare leseforståing. For fleirspråklege barn er det nødvendig at både morsmål og norskdugleik vert utvikla. Forelesaren la vekt på at det har mykje å seia at ein har eit godt samarbeid med foreldra. Gjennom dagen fikk vi innføring i ein modell som kan nyttast for å forstå og støtta språkutviklinga til fleirspråklege barn.

Tekst og bilete: Kjersti Sundal

Aktuelle lenkjer

https://youtu.be/AS1Pthy2XjI

https://sprakloyper.uis.no/article.php?articleID=128378&categoryID=24511

https://sprakloyper.uis.no/article.php?articleID=128379&categoryID=24511

https://sprakloyper.uis.no/article.php?articleID=128369&categoryID=24511

https://www.google.com/url?

https://www.fjell.kommune.no/globalassets/dokumenter/barnehageogskule/barnehage/sprakloyper_strategidokument.pdf

 


Sist endret: 05.02.2019