Facebook ikon Twitter logo Print side

Sprang for ei god sak

Åttandeklassingane på Fjell ungdomsskule ønskjer at jentelaget til Mathare United skal få oppleva Sotra og Norway Cup neste år.

Frå venstre; Kjersti Vigdel, Lilli Fagerbakke Lunde og Emma Sofie Heggernes.
Frå venstre; Kjersti Vigdel, Lilli Fagerbakke Lunde og Emma Sofie Heggernes.

Dei 100 elevane sprang minst 500 rundar på Sartor Storsenter på Straume i dag og sikra eit flott beløp for å finansiera
tur og opphald for jentelaget frå slummen i Nairobi i Kenya.

- Vi ser fram til å møta jentelaget neste år. Etter det vi veit, har dei det ikkje så veldig bra. Difor vert ein tur til Noreg med ei veke her på Sotra og ei veke på Norway Cup ei stor oppleving for dei, seier dei tre jentene som sprang seks rundar. Dei var utkledde som gris, einhjørning og elefant. Totalt skaffa dei tre jentene åleine 1 300 kroner til prosjektet.

Elevane har kvar for seg eller saman i grupper skaffa seg sponsorar som betalar for kvar runde. Den beste kom seg 14 gonger rundt løypa den halve timen løpet gjekk før seg i strålande sol på Sartor Storsenter i dag. Sartor Storsenter støtta prosjektet med fem kroner pr.runde for kvar elev.

Anders Mongstad stod på sidelinja å smilte breitt.

- Eg synest det er fantastisk at elevane gjer dette. Det er første gongen at det vert samla inn til jentelaget frå Mathare på denne måten, seier Mongstad som har arbeidd med Mathare-prosjektet i fleire tiår. Det er eitt lag i alderen 12 til 14 år som skal få ei veke i juli 2019 på Sotra og ei veke på Norway Cup.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå innsamlingsløpet:

 Skulesjef Wilhelm Anglevik var også på plass (har deltok ikkje denne gongen).Anders Mongstad og Anne Line Kobbeltvedt.

 


Publisert: 30.04.2018 13:21
Sist endret: 30.04.2018 14:57