Facebook ikon Twitter logo Print side

Sprengjer kabeltunnelar

Som ein del av Sotrasambandet vert høgspentkablane mellom Breivik i Bergen og Litlesotra lagt om. Kablane skal gå i tunnelar og gjennom viaduktane på Sotrabrua.

Tunnelopninga like ved Sotrabrua i Knarrvika.
Tunnelopninga like ved Sotrabrua i Knarrvika.

For tida går det føre seg sprenging av to kabel-tunnelar. I Knarrvika starta drivinga i slutten av juli, medan arbeidet i Breivik starta opp i siste delen av august. Det skal byggjast 3,4 kilometer med tunnelar. Arbeidet vil halda fram til utgangen av 2019.

I bladet «Nærinfo» som Statens vegvesen har delt ut til innbyggjarane i området, vert det opplyst at i den første fase vert det sprengingar nær bustadområde. Dette gjeld særleg i Breivik. Det vert gjennomført førehandsregistrering på 325 bygningar langs linja for kabel-tunnelane.

Statens vegvesen gjev tilbod om SMS-varsling der du kan få melding i forkant av sprengingane.

Les «Nærinfo» her.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 25.09.2018 14:51
Sist endret: 25.09.2018 14:53