Facebook ikon Twitter logo Print side

Startar politisk behandling av budsjettet

Tysdag den 16. oktober vert det kalla inn til budsjett- og strategiseminar for kommunestyret.

Ill.

Mellom klokka 09.00 og 18.00 skal politikarane gjennom eit omfattande program. Etter at ordførar Marianne Sandahl Bjorøy har ønskt velkomen, skal rådmann Steinar Nesse og økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt snakka om den økonomiske situasjonen, status pr. oktober og prognose for året.

Det vert også presentasjon av ein rapport frå Telemarksforsking som omhandlar nøkkeltal og samanlikning med andre kommunar. Andre tema er årsbudsjett, økonomiplan/investeringsprogram, handlingsprogram og status for tenesteområda.

Møtet vert avslutta med ein to timar lang bolk med drøfting i plenum.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med program og rapport frå Telemarksforsking.


Publisert: 10.10.2018 13:09
Sist endret: 10.10.2018 13:13