Facebook ikon Twitter logo Print side

Stas å få teikninga si på refleksvestane

Femteklassingen på Hjelteryggen skule, Nils Terje Pukstad, var ikkje så lite stolt då ordføraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, i dag presenterte refleksvestane som skal delast ut til dei 170 elevane på skulen. Alle refleksvestane er påført teikninga til Nils Terje.

Marianne Sandahl Bjorøy, Nils Terje Pukstad og Ernst Einarsen
Marianne Sandahl Bjorøy, Nils Terje Pukstad og Ernst Einarsen

Det er jo litt spesielt å sjå si eiga teikning på alle refleksvestane.

- Det er litt kult når eg ser mi eiga teikning på vestane og eg kan tenkja på at det er eg som har teikna dei, seier Nils Terje.

Kva er tanken bak teikninga di?

- Eg tenkte litt på at eg kunne teikna ein elev som går over eit gangfelt med refleksvest. Det er viktig å bruka gangfeltet når vi skal gå over vegen, seier Nils Terje Pukstad.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy oppmoda elevane å bruka refleksvestane heile tida.

- Og så er det jo veldig stas å få ein refleksvest med teikning frå ein av elevane som alle på skulen går med. Dette er dykkar unike refleksvestar. Ta godt vare på dei og bruk dei kvar dag, sa ordføraren. Leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, utfordra elevane til å svara på om dei ville gjera dette. Alle hendene gjekk i véret!

Stolt Edward

På Brattholmen skule er det Edward Aurdal i 6b som får teikninga si på alle refleksvestane på deira skule.

- Eg har teikna ein refleksvest pluss ein rund refleks og ein refleks som vi kan ha rundt armen. Vi brukar refleksvest når det er veldig mørkt, men vi bør bruka han endå oftare. Det var kjekt å vinna, og jo, det er litt stas at teikninga mi er trykt på vestane, seier Edward.

Ernst Einarsen, Edward Aurdal og Marianne Sandahl Bjorøy
Ernst Einarsen, Edward Aurdal og Marianne Sandahl Bjorøy

I dag tok ordføraren og leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, ein runde til seks skular som har vore med i konkurransen der elevane vart utfordra til å vera med i ein konkurranse om å teikna framsida av refleksvesten. Sju skular var med i konkurransen, og alle elevane fekk kvar sin refleksvest. Dei skulane som deltok i konkurransen i denne omgangen var Brattholmen, Bjorøy, Hjelteryggen, Foldnes, Kolltveit, Knappskog og Landro.

Tiltaket er gjennomført av Eigedomssjefen. Leiar av samferdsle, Therese Borgen var også med på utdelingsrunden i dag.



Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:


Sist endret: 16.08.2019