Facebook ikon Twitter logo Print side

Statens vegvesen gjev «Nærinfo» til naboane til Sotrasambandet

I desse dagar sender Statens vegvesen sitt første «Nærinfo» om Sotrasambandet til naboane langs det nye sambandet.

Foto: Statens vegvesen
Foto: Statens vegvesen

I det første nummeret kan du lesa om at vegkontoret er i gang med å kartleggja og prosjektera støytiltak for bustader langs det nye sambandet. Det vert vidare gjennomført tilstandsregistrering av 325 bygningar langs den planlagde linja for kabel-tunnelar til Sotrasambandet.

Til sommaren er det planlagt ein del nattarbeid på riksveg 555 Sotrabrua. Dette kan føra til ein del nattregulering for trafikken. Utlysing av OPS-kontrakten for rv Sotrasambandet vert gjennomført i løpet av hausten 2018.

Les første «Nærinfo» her.

Sotrasambandet på Facebook.

Heimeside.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 26.04.2018 14:54
Sist endret: 26.04.2018 14:58