Facebook ikon Twitter logo Print side

Statens vegvesen og fylkeskommunen får Tilgjengeprisen 2018

I dag fekk Statens vegvesen, Region vest og Hordaland fylkeskommune overrekt Tilgjengeprisen 2018 frå Fjell kommune. Dei offentlege aktørane får prisen for utforminga av det nye veganlegget, fylkesveg 209, parsellen mellom Storskaret og Arefjordpollen på Litlesotra.

Frå venstre Atle Justad, Marianne Sandahl Bjorøy, Siri Bernås, Grethe Vikane og Kjell Haaland
Frå venstre Atle Justad, Marianne Sandahl Bjorøy, Siri Bernås (prosjektleiar Statens vegvesen), Grethe Vikane og Kjell Gitton Håland.

Det var leiar i kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Fjell, Atle Justad, som presenterte grunngjevinga for Tilgjengeprisen 2018. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekte prisen til avdelingsdirektør i Statens vegvesen Hordaland, Grethe Vikane, og leiar i utval for det fylkeskommunale rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Kjell Gitton Håland. Prisen er eit kunstverk og fem tusen kroner. Prisen vart overrekt i samband med kommunestyremøtet i dag.

- Det nye veganlegget har fått ei estetisk flott og universell utforming. Gode ledelinjer med merksemdfelt og farefelt mellom busskur og fortauskant, gjer det enklare for blinde og svaksynte å vita kvar bussdøra er å finna. Det er ledelinjer med merksemdsfelt og farefelt og ekstra god belysning i fotgjengarfelta, sa Justad og minna om at det også gjerne heiter «Nødvendig for nokon, bra for alle.»

Stolte mottakarar av prisen

Avdelingsdirektør Grethe Vikane takka for prisen. Ho understreka at alle har behov for å ferdast i trafikken uavhengig av funksjonsevne.

- Det var ein stor stas og ei stor ære å få denne prisen. Det handlar om framkomst for gåande og syklande, tilgjenge og universell utforming, sa Vikane.

Kjell Gitton Håland sa at denne prisen inspirerer samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

- Det er jo gledeleg at de har omsorg for den svake fylkesøkonomien. Likevel har me komne til at prisen på fem tusen kroner vert gjeven til Fjell frivilligsentral. Dei finn sikkert ein god måte å bruka pengane på, sa Håland.

I grunngjevinga heiter det også at veganlegget har fortau, og gang- og sykkelvegar med god stigningsforhold, m.a. med tanke maskinelt vintervedlikehald og brøyting. Det same gjeld gangbru som kryssar køyrebana og at det er god samanheng med gang- og sykkelvegen mellom Knarrvika og Straume sentrum.

"Tilgjengeprisen" kan delast ut til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller den offentlege etaten som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen.

Atle Justad
Atle Justad

Nokre kriterium for kunna få tilgjengeprisen

• Tiltaket skal koma flest mogleg brukargrupper til gode.
• Kvaliteten (gjennomføringa) skal vera god.
• Kandidaten har synt ei positiv haldning til og/eller forståing for å leggja til rette for universell utforming.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

 


Sist endret: 13.12.2018